Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Legar i spesialisering - LIS

Ortopedisk kirurgi, Hagevik

Utdanning i spesialiteten Ortopedisk kirurgi - Hagevik.

Den generelle utdanningsplanen gjeld for ortopedisk avdeling ved Kysthospitalet i Hagevik, ortopedisk klinikk Helse Bergen. Utdanningsplanen gjeld våre utdanningskandidatar i ortopedi. 

Målskildringa for spesialiteten er hovudrettleiar for utdanningsplanen, og ein forsøker å rette seg etter kritikken/ forbetringspotensialet som har vorte påpeika ved tidligare rapportar frå spesialitetskomiteen.

Dei generelle læringsmåla vert teke i vare gjennom avdelinga sitt undervisningsprogram, i tillegg til kontinuerlig supervisjon ved avdelinga sine aktivitetar på poliklinikken, på sengeposten og på operasjonsavdelinga. Dei særskilde læringsmåla vert teke i vare ved kontinuerlig rettleiing av kandidatane, sjølvstendig utførte operasjonar under supervisjon av overlege, og deltaking i internundervisninga.

Det utdanningsmessige utbyttet ved vår avdeling vert dekka av pasientar innan alle kategoriar for elektiv ortopedi hjå pasientar over 16 år. Ein legg stor vekt på at utdanningskandidatane får ei gradvis tilnærming til dei ulike pasientkategoriane, avhengig av kor langt dei er komne i spesialiseringa, med tett supervisjon både i poliklinikk og på operasjonsstova.

Vi har gruppe I-teneste for 2,5 år som noverande godkjenningsstatus.

Kysthospitalet i Hagevik er eit spesialsjukehus som i all hovudsak utfører elektiv ortopedi. Vi har regionsfunksjon for 400 000 og spesialfunksjon for 1 070 000. Vi er del av ortopedisk klinikk, Helse Bergen, saman med ortopedisk avdeling og rehabiliteringsavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus. 

Kysthospitalet si spisskompetanse ligg i å kunne tilby eit variert spekter for behandling innan elektiv ortopedisk kirurgi. Ryggkirurgi dreier seg hovudsakleg om degenerative rygglidingar samt prolapskirurgi. Hoftekirurgi vert gjort i form av leddbevarande kirurgi som omfattar alt frå osteotomiar på bekken og femur til artroskopiske impingementoperasjonar. I tillegg kjem eit variert tilbod for protesekrevjande pasientar, der vi nyttar både konvensjonelle primær- og revisjonshofteproteser i tillegg til spesialproteser der det er særlege behov. Vi har også eit komplett tilbod for knelidingar, med leddbevarande inngrep som osteotomi rundt kne samt primær- og revisjonskneprotesekirurgi. I tillegg vert det utført diverse inngrep på skulder, fot, ankel og i mindre skala handkirurgi.

Vi har 2 sengeposter med totalt 28 senger totalt i tillegg til recovery-avdeling for oppvakning med 12 sengeplassar på kvardagar. Laurdag har vi 20 senger og søndag 15 senger. 3 overlegar samt sjukehussjef/avdelingsoverlege har kontor i 3. etasje, medan 12 overlegar held til i 5. etasje. Samtlege LIS disponerer eigen kontorplass. Alle legar har eigen pc med tilgang til internett, og tilfredsstillande høve elles kva gjeld kontorplass. Elles er avdelingar, poliklinikk og andre i relativ nærleik til kvarandre ved Kysthospitalet.

Utdanninga følgjer drifta. Sengepostane har sine ansvarlege under- og overordna legar som går visitt og følgjer opp pasientane. 3 til 4 legar har poliklinikk dagleg, der det alltid er minst ein overlege som har poliklinikk samstundes som den underordna, for supervisjon. Vi har 4 operasjonsstover som er i kontinuerleg drift, og i all hovudsak er det ein overlege og ein LIS sett opp på kvar operasjon. Legen i utdanning opererer etterkvart som han/ho vert sjølvstendig i ein gradvis prosess og etter røynslenivå. Det er flest inneliggjande pasientar. Dagkirurgi er spreidd ut over alle vekedagar.

Av anna fagpersonell nemnest fysioterapeutar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, radiografar, bioingeniørar, anestesilegar, kontorpersonell. Vi har utelukkande legar med ortopedi som spesialitet ved avdelinga, i tillegg til anestesilegar. Sistnemnde er til stades ved sjukehuset på dagtid i vekedagane, ikkje kveld, natt eller i helgedagar. Når det gjeld LIS på Hagavik, delar desse på ein seksdelt tilstadevakt, medan spesialistane delar på bakvaktfunksjon i 12-delt passiv døgnvakt. I løpet av 2022 vil overlegane gå over til 13-delt vaktordning.

Organisering av utdanninga følger avdelingen si daglege drift. Ved poliklinikken er det spesialist tilgjengeleg til ei kvar tid og på operasjon det same. Om ein lege under spesialisering opererer sjølvstendig, er det alltid tilgjengelege overlegar like i nærleiken for assistanse. Drøfting av pasientkasus kan gjerast på daglege ettermiddagsmøte med røntgendemonstrasjon (15-møtet), eller ved seksjonsvise planleggingsmøte etter behov. Dette i tillegg til den meir uformelle kontakten legane imellom. 

Det er relativt god kontinuitet i pasientbehandlinga. Så langt det er mogleg, opererer legane sjølv dei pasientane dei har sett og søkt inn på poliklinikken, og får også oppfølgingen sjølv ved dei polikliniske kontrollane postoperativt. 

Det er til ei kvar tid fleire spesialistkandidatar samstundes ved avdelinga, alle med ulike behov og kvalifikasjonar. Vi prøver å leggje best mogleg til rette for at alle skal få oppfylt sine behov for utdanning og opplæring alt etter kor langt dei er komne i spesialiseringa. Det leggjest opp til at det for enkelte inngrep vert ein kontinuitet for best mogleg læring, og for tida har vi ei seksjonering der LIS har fordelt seg på dei tre gjeldande seksjonar, som er rygg, protese og generell/dagkirurgi. Denne seksjoneringa roterer etter 6 månader.

Det vert gjeve to veker fri for kursdeltaking per år som eit minimum per utdanningskandidat. Ein står elles fritt å reise på kurs i ev. avspaseringsveker. Obligatoriske kurs vert prioritert for utdanningskandidatane. Fordjupningstida er 4 timer per veke for LIS. Denne er lagd til eit fast tidspunkt per veke i tenesteplanen. Tilgang til litteratur er særs god, då vi har ei stor mengd aktuelle fagtidsskrift i biblioteket i tillegg til bøker. Elles er tilgangen god for nettsøk og bibliotektenesta i Helse Bergen. Det er dessutan online-tilgang til fleire tidsskrifter via Helsebiblioteket.

Ny LIS tildelast rettleiar innan første 14 dagar dei er tilsette her. Vi har tillaga dokumentsamlinga «Informasjon til nye legar» som ein skal sette seg inn i. Det er også påkrevd gjennomgang av e-læringsprogram for nytilsette. Avhengig av behov vert det organisert hospitering på poliklinikk/operasjonsavdelinga før aktiv teneste. Det vert vidare lagt til rette for supervisjon og rådføring på poliklinikk og sengepost. På  operasjonsavdelinga er det alltid tett supervisjon i byrjinga.

Rettleiinga føregår mellom kandidat og rettleiar 1 gong per ca. 4 veker. Det er sett av fast tid til dette i undervisningsplanen. Dette er den formelle rettleiingssamtalen der progresjon, ferdigheiter og utvikling for øvrig vert teke opp til vurdering, mens det meir uformelt tilkjem samtaler meir hyppig når det gjeld faglege spørsmål/supervisjon. Rettleiar skal ta initiativ til dei formelle samtalene, og vurdere progresjon i henhold til individuell utdanningsplan. Spesialistkandidatane vert under rettleiingstimane evaluerte og får tilbakemelding på sine faglege og også personlege kvalifikasjonar og råd om vidare karriere og utvikling. Ein nytter seg også av samtaler på kryss av rettleiarfunksjonen, sidan organiseringa ved sjukehuset tillét det. 

Dei siste seks åra har vi forsøkt å ha eitt til to fellesmøter for rettleiarar og overlegar ved Kysthospitalet. Her har vi gjennomgått den enkelte LIS’ eigenskapar, ferdigheiter og progresjon. Den enkelte rettleiaren tek med seg tilbakemeldingane til kandidatane. Desse møta har vi hatt god røynsle med så langt, og kjem til å halde fram med. 
Legegruppa ved Kysthospitalet har vidare møter med avdelingsleiinga der ein kan komme med forslag til endringar/forbetringar kva gjeld arbeidssituasjon og utdanninga av LIS.

Overlegar ved avdelinga vurderer fortløpande den einskilde kandidat når det gjeld fagleg progresjon og oppnådde læringsmål. LIS og rettleiar vil etter kvart dokumentere dette i Kompetanseportalen. Vi har som nemnd fellesmøte overlegane mellom der vi tek sikte på å gå gjennom den enkelte LIS’ progresjon og læring i fellesskap. I dette forumet vil vi ta opp både korleis kandidaten fungerer på operasjon, på poliklinikk og i kollegiet generelt. Rettleiar tek emna opp vidare med sin(e) kandidatar under rettleiingssamtalane. 

Når det gjeld dei operative ferdighetene og plan for utdanning i den samanheng, legg vi legg vekt på at LIS skal få ei grundig opplæring og dei får nytte god tid på dei inngrepa dei gjer sjølvstendig under rettleiing, utan tidspress. Dermed har vi lagt oss på ei lågare mengd operasjonar enn dersom drifta utelukkande var lagd opp etter å auke produksjonen. I tillegg har vi ein del kompliserte inngrep som ikkje eigner seg for LIS å utføre, som større ryggkirurgi, revisjonsartroplastikkar, avansert leddbevarande kirurgi, osv. Desse gjerast i all hovudsak av overlegar og LIS er som regel førsteassistent. Vi har hatt fokus på at LIS skal få operere flest mogleg av dei tilgjengelige inngrepa ved KIH, og ynskjer å halde fram med dette. 

Vi gjennomfører internundervisninga med svært få unntak dagleg frå måndag til og med torsdag morgon kl. 07.30–08.00. Vi forsøker å få til ei fornuftig fordeling mellom sentrale ortopediske tema, artiklar, komplikasjonsmøte og forskingsrelaterte emne. Undervisninga er planlagd av leiar for utdanningsutvalet. Alle LIS tek del i undervisninga om morgonen, også dei som går av vakt. LIS avspaserer kvar 6. fredag, men då har vi inga undervisning. Deltakinga på morgonundervisninga er difor jamt over høg, med fråvær einast når ein er på kurs eller ved sjukdom. Vi tek del i nettundervisninga i regi av Ullevål kvar onsdags morgon, noko som fungerer tilfredsstillande både teknisk og fagleg. Vi bidreg med eitt til to innlegg kvart år. 

LIS tek jamleg del i arbeid med kvalitetssikring-, forbetring og pasientsikring på Kysthospitalet. Tillitsvald for LIS er fast representert i sjukehusets Kvalitets- og pasientsikkerhetsutval, som møtes kvar månad. Felles kompetansekrav som til dømes etikk, vil bli integrert i undervisningsprogrammet. KiH vil vidare følgje både læringsmål og kursing frå foretaket, der LIS vert naturlege deltakarar.

Utdanningsutvalet vil i 2022 vere sett saman av sjukehussjef/avdelingsoverlege Kari Indrekvam, utdanningsansvarleg overlege Gina Elise Ørn Toskedal og LIS Nikolai Gramstad. 

Det pågår forskningsaktivitet ved avdelinga. For tida jobbast det med prosjekter innan rygg-, hofte-, kne- og skulderkirurgi, som på sikt er planlagt publisert. Hagavik deltek mellom anna i ein multisenterstudie rygg, og vi held fram med ein større studie av kneprotesar som starta opp i 2016. Dei ansvarlege overlegane presenterer med jamlege mellomrom status på studiene. Fire overlegar ved avdelinga har doktorgrad. Ytterlegare to overlegar tilknytta avdelinga er for tida i gang med sitt doktorgradsarbeide.

Ved tilsetting vil det utarbeidast ein individuell utdanningsplan for LIS, som syner kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen vert utarbeida av LIS i samarbeid med rettleiar og ev. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.

LIS ved Hagevik har høve til å nytte fasilitetane ved Haukeland (Ferdighetssenteret) for simulering og ferdigheitstrening, og det er høve for å ta del i kadavertrening på HUS. Vi trener også jamleg på akuttmedisinske problemstillingar saman med anestesipersonale, der ein tek sikte på å gå gjennom akuttmanualane kvart år. 

LIS har til ei kvar tid ein tillitsvaldrepresentant som tek i vare LIS sine interesser og er tett i kontakt med avdelingsoverlegen.

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med utdanningsansvarleg overlege.

Sist oppdatert 08.04.2024