HELSENORGE
LEGER I SPESIALISERING - LIS

Generell kirurgi LIS3 (Voss)

Utdanning i spesialiteten Generell kirurgi (Voss).

​Beskr​iving av utdanningsverksemda

Generell- og gastroenterologisk kirurgi omfattar ved Voss sjukehus diagnostikk og behandling av tilstandar innan generell kirurgi, gastroenterologisk kirurgi og utvalde tilstandar innan urologi. Voss sjukehus har ansvaret for bariatrisk kirurgi i Helse Bergen. I tillegg avlastar vi Haukeland universitetssjukehus (HUS) med kirurgi på benigne tilstandar som til dømes gallesteinssjukdom, stomikirurgi, tarmreseksjonar og IBD-kirurgi. Ein stor del av aktiviteten gjeld laparoskopisk kirurgi med til dømes 230 bariatriske inngrep og 223 cholecystectomiar i 2018.

Kirurgisk avdeling disponerer 25 senger. I 2017 hadde vi 2097 heildøgnpasientar der 60 prosent var øyeblikkeleg hjelp-innleggingar.

Vi har fire stillingar for spesialistar i gastroenterologisk kirurgi. Overlegane er spesialistar i både generell- og gastroenterologisk kirurgi. Det er 4 LIS2/3-stillingar innan generell kirurgi. Ein er i rotasjon frå gastrokirurgisk avdeling HUS.

LIS2/3-legane går 8-delt vakt med fellesvakt for generell- og ortopedisk kirurgi. Det er heimevaktordning med passiv vakt etter kl. 21.00. LIS1 har tilstadesvakt på sjukehuset. Det er seperate vaktlag for overlegar i gastro-/generellkirurgi og ortopedisk kirurgi.

Beskriving av utdanningsløpa​

Utdanningsløpet innan generell kirurgi er lagt opp i samarbeid med gastroenterologisk avdeling HUS / kirurgisk klinikk HUS. I utgangspunktet er utdanningen innan generell kirurgi ved Voss sjukehus ledd i spesialiteten gastroenterologisk kirurgi. Hovuddelen av utdanninga kan skje ved kirurgisk avdeling Voss sjukehus, som har formell utdanningsstatus på 3 år innan generell kirurgi. Ein del av utdanninga på derfor takast ved kirurgisk klinikk HUS. Rotasjon innan andre kirurgiske seksjonar på HUS kan vere aktuelt for å oppnå alle læringsmål. Vi har godkjenning for 6 månadar i spesialiteten gastroenterologisk kirurgi (LIS3).

Introduksjon av nye LIS

Individuelt tilpassa opplegg i samsvar med kandidaten sin bakgrunn og kjennskap til mellom anna datasystema som er i bruk i Helse Bergen. Alle medarbeidarar gjennomgår obligatoriske introduksjonskurs (praktisk brannvern,  brannvernteori med sjekkliste, smittevern/håndhygiene og informasjonssikkerhet). Vidare tildelast kompetanseplan for medisinsk utstyr (defibrilator, diatermi inkludert kurs, energiinstrumenter, gastro- og colosciopi, klipsetenger, laparoscopisk basket og staplere). Kandidaten blir tildelt rettleiar og går gjennom medarbeidarsamtale med utdanningsansvarleg overlege der individuell utdanningsplan inkludert rotasjonsplan blir utarbei​dd. Vaktplassering tilpassast både avdelingas behov og kandidaten sin erfaring/ferdigheiter.​​

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Kvar LIS får tildelt ein av overlegane som rettleiar. På operasjonsavdelinga arbeider LIS som regel saman med ein overlege. Dei har sjølvstendig poliklinikk. I tillegg får dei supervisjon i høve endoskopiske prosedyrar. Det er sett av 4 timar per veke til fordjuping. Dette blir fastlagt i arbeidsplanen til den enkelte LIS. Rettleiingssamtale er ein time per månad, også dette skal gå fram av arbeidsplanen. 

LIS får fri til å delta i obligatoriske kurs. Utover dette deltar dei i internundervising med gastrokirurgisk avdeling​ HUS kvar tysdag (videooverført). Onsdagar har vi internundervising lokalt på sjukehuset. Videooverført traumeundervising frå Oslo universitetssykehus (OUS) kvar onsdag ettermiddag.

Vurdering og dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Ein tek mål av seg at rettleiar og LIS skal gå gjennom alle læringsmål og vurdere den faglege progresjonen. Leiar og utdanningsansvarleg overlege kan godkjenne læringsmål. Oppnådde læringsmål godkjennast i Kompetanseportalen av rettleiar eller utdanningsansvarleg overlege. Vi gjennomfører også halvårleg vurdering av den enkelte LIS i overlegekollegiet.

Teoretisk undervising

Viser til avsnitt Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling. Tysdag: Videooverført internundervising med GEKIR HUS. Onsdag: Internundervising. Onsdag ettermiddag: Videooverført undervising fra OUS innan temaet traumekirurgi-traumepasientar.

Felles kompetansemål (FKM)

Langt dei fleste læringsmåla i FKM skal bli oppnådd gjennom klinisk praksis ved Voss sjukehus. Men det er fleire kompetansemål som legen må tileigne seg ved HUS. LIS2-legane i ulike konkrete prosjektgrupper med omsyn til  kvalitetsforbetringsprosjekt; pasientforløp, pasientinformasjon etc.

Utdanningsutvalg og utdanningsansvarleg overlege

Utdanningsansvarleg overlege har det overordna ansvaret for alle LIS på Voss sjukehus: Turid Fjose (medisinsk avdeling). I tillegg har vi eigen utdanningsansvarleg overlege ved kirurgisk seksjon.

Forsking

Det skal oppmuntrast til forsking for alle LIS. Vi har ein lege med doktorgrad ved vår avdeling. Særleg innan fagfeltet bariatrisk kirurgi er det forskingsaktivitet, både i samarbeid med kolleger på HUS og i fellesprosjekt med dei andre helseføretaka i Helse Vest.

Individuell utdanningsplan

Ved tilsetting vil det bli utarbeidd ein individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen blir utarbeidd av LIS i samarbeid med rettleiar og ev. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.

Simulering og ferdigheitstrening

Vi har teamtrening for traumemottak ein gong per månad. Ein gong per år deltar vi med team på praktisk trening i skadekirurgi på gris ved HUS. Vi har D-boks for øving til laparoskopisk kirurgi. Vi har nært samarbeid med Ferdigheitssenteret på HUS for simulatortrening av nytilsette LIS2-legar.

Tillitsvalde

Det YLF-representant som går på tillitsvaldkurs etter ønske og behov.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med avdelingsoverlege eller utdanningsansvarleg overlege.

Fann du det du leita etter?