Studentar i ordinært studieløp hos Universitet i Bergen, VID eller Høgskulen på Vestlandet, får tildelt praksisplass gjennom skulen sin. Skulen sørgjer også for at det blir bestilt IT-tilgangar til praksisperioden.
Det er viktig for oss at du som student får en praksisperiode med godt læringsutbytte i sykehuset vårt slik at du kan bli ein fremtidig dyktig medarbeidar.
Dette må du gjere før du kjem i praksis første gong
1. Du må gjennomføre følgjande e-læringskurs:
- Brannvern teoretisk del
- Smittevern: Håndhygiene
- Informasjonssikkerhet
- DIPS 01: Introduksjonsfilm
- DIPS 01: Introduksjonscase (case 01)
Slik gjør du det:
- Gå til
Læringsportalen
- Registrer deg
- Du må fylle inn fødselsnummer
- Velg organisasjon: "Helse Bergen - tilgang for eksterne brukere"
Les meir korleis du registerer deg og gjennomfører kursa
2. Registere deg i WebCruiter
Du mottar ein link frå skulen din til WebCruiter kor du må registrere deg/"søka". Hugs å legge inn fødselsnummeret ditt (11 siffer) og mobilnummer for å få IT- tilgangar i praksisen din.
3. Signer teieerklæring
Signering av teieerklæring blir organisert ved den enkelte skule.
4. Ta obligatoriske tester
Sjukehuset krev MRSA- og TBC-testing.
Sjekk skulens interne rutinar for testing.
5. Husk å ta med brukernamn og passord første dag i praksis
Du får brukarnamn og passord til systema du skal ha tilgong til i eige brev frå skulen din.
6. Personleg adgangskort
Nokre studentar får personlege adgangskort. Dette gjeld
kun legestudentar, bioingeniørstudentar og sjukepleiar i vidareutdanning.
Dersom du er ein av disse
må alle punkta over være gjennomførd før du hentar kortet ditt hos Drift/teknisk kundesenter.
Problemer med pålogging?
Viss du har problem med å logge på pc, DIPS, Læringsportal eller anna - ring Kundesenteret på telefon 55 97 65 40. Hugs å opplyse om at du er student.
Dette må du gjere dersom du har vore i praksis tidlegare
- Skulen søker om IT-tilgangar.
- Brukarnamnet er det same som tidlegare. Dersom det er meir enn 90 dagar sidan passordet vart nytta må du bestille nytt passord ved å ringe Kundesenteret på tlf. 55 97 65 40 som sender nytt passord på SMS.
- Studentar som har eit tilsettingsforhold i Helse Vest skal nytte same brukarnamn og passord som dei gjer på jobb. Du må då hugse å velje rett rolle når du loggar på i DIPS.
- Studentar som treng tilgang til spesielle program (eks: RIS) vil få brukarnamn og passord frå studiestaden.
Problemer med pålogging?
Viss du har problem med å logge på pc, DIPS, Læringsportal eller anna - ring Kundesenteret på telefon 55 97 65 40. Hugs å opplyse om at du er student.
Praktisk informasjon
Obligatoriske elæringskurs før du startar
ID-/nøkkelkort og namneskilt
Arbeidstøy og garderobar
Vaksine og immunitet
Problemer med pålogging?
Viss du har problem med å logge på pc, DIPS, Læringsportal eller anna - ring Kundesenteret på telefon 55 97 65 40. Hugs å opplyse om at du er student.