Arbeidet kan være fysisk krevjande og inneberer mykje gåing. Du må like å arbeide med menneske og må være i generelt god fysisk form.
Opplæringa i faget skal utvikle evna til å utføre arbeidsoppgåvene på ein profesjonell, trygg og sikker måte. Opplæringa skal vidareutvikle evna til å arbeide sjølvstendig, til etisk bevisstgjøring, fleirkulturell forståing og til å kommunisere profesjonelt og omsorgsfullt. Opplæringa skal også utvikle evna til å arbeide under tidspress og tidvis under psykisk og fysisk krevjande forhold.
Portørfaget blei godkjend som eige fagbrev i 2015.
Korleis bli lærling i Helse Bergen
For å søkje læreplass i portørfaget må du ha følgjande utdanning:
VG1 – videregående trinn 1 VG2 – videregående trinn 2
Helse og Oppvekstfag → Ambulansefag
Helsearbeiderfag
Helseservicefag
Arbeidstid
Som lærling arbeider du i hovudsak to-delt turnus med dag og seinvakter, samt 3. kvar helg i gjennomsnitt. Du må og rekne med å arbeide heilagdagar.
Læretida hos oss
Lærlingar hos oss har variert og spennande arbeidsdag med ulike arbeidsoppgavar.I løpet av læretida vil du få opplæring og arbeide ved alle våre seksjonar.
- Pasientportørtenesta
- Forsyningstenesta
- Miljøhall og varetransport
Praksis Vg1 og Vg2
Vi tar imot praksiselever heile året for kortare og lengre periodar.
Maks inntak er åtte elevar fordelt på 4 skuler. Skulene varierer kvart år.
Kontaktinformasjon
Anita Løseth, fagleg leiar
Tlf:
934 91 155
E-post: anita.loseth@helse-bergen.no
Se læreplan for portørfaget.
Våren 2021 søker vi entusiastiske og motiverte lærlingar innan portørfaget