Logistikkfaget

Lærling i logistikkfaget

Logistikkoperatøren arbeider med interntransport og lagring av varer og gods, sikring av last og klargjering for sending.
Kompetanse i å ivareta miljøvennleg og sikker transport i samsvar med nasjonale og internasjonale lover og reglar, samt bransjen sine krav til lønnsam og effektiv drift, er sentralt i faget og opplæringa.

 

I læretida i forsyningstenesta i Helse Bergen blir det lagt til rette for samhandling med kundar, leverandørar og kollegaer, for å møte krav som blir stilt til service og profesjonell kundebehandling. Gjennom opplæring skal lærlingen utvikle kompetanse om regelverk for helse, miljø og sikkerheit i transportbransjen og lærebedrifta sine driftsrutinar.
Fullført og bestått opplæring fører fram til fagbrev, med yrkestittel: logistikkoperatør.

Korleis bli lærling i Helse Bergen

For å søkje læreplass i logistikkfaget må du ha følgjande utdanning:
VG1 – vidaregåande trinn 1 VG2 – vidaregåande trinn 2
Service og samferdsel → Transport og logistikk

Arbeidstid

Som lærling arbeider du i hovudsak to-delt turnus med dag og seinvakter, samt 3. kvar helg i gjennomsnitt. Du må og rekne med å arbeide heilagdagar.

Læretida hos oss

Lærlingar hos oss har variert og spennande arbeidsdag med ulike arbeidsoppgåver. I løpet av læretida vil du få opplæring og arbeide ved Forsyningstenesta som i hovudsak er internlogistikk. Bestilling og handtering av varer, tøy, avfallshandtering og anna er blant oppgåvene. Opplæring i eksternlogistikk vil du få i seksjonen Miljøhall og Varetransport.

Praksis VG1 og VG2

Vi tar imot praksiselever heile året for kortare og lengre periodar.
Maks inntak er åtte elevar fordelt på 4 skuler. Skulene varierer kvart år. 

Kontaktinformasjon

Anita Løseth, fagleg leiar
Tlf:  934 91 155
E-post: anita.loset@helse-bergen.no

 


Se læreplan for logistikkfaget


Fann du det du leita etter?