Automatiseringslærlingar hos oss har varierte og spennande arbeidsdag med mange ulike tekniske anlegg og disiplinar.
I løpet av læretida vil du få opplæring og arbeide ved fleire av våre seksjonar, blant anna Transportteknisk- og Sterilteknisk seksjon i Teknisk avdeling, Haukeland universitetssjukehus. Du får vera med på drift og vedlikehald av fleire ulike tekniske anlegg som for eksempel det automatiske transportanlegget, rørpost system, autoklavar osv. Det er ein del arbeid på verkstad med utbetring og opp gradering. Fagprøva vil normalt vera eit resultat av kva du har arbeida med i løpet av læretida og vera i tråd med læreplanen.
Korleis bli lærling i Helse Bergen
For å søke lærlingplass i automatisering, må du ha følgjande utdanning:
Vg1 Elektrofag eller Vg1 Teknikk og industriell produksjon
Vg2 Automatisering
Vg3 Automatisering
Vi lyser ut stilling som lærling på Helse Bergen sine nettsider. Og tek inn lærling vår og haust.
Aktuelle kandidatar blir kalla inn til intervju. Læretida er normalt 1,5 år. For kandidatar som ikkje har skulegang eller har gått eit anna løp kan læretida bli lengre. Den totale læretida er det fagopplæringskontoret som fastset for kvar enkelt kandidat.
Læretida hos oss
Fleirtalet av våre lærlingar har ei læretid på 1,5 år og mesteparten av opplæringa går føre seg ute i felt i sjukehuset. I tillegg må lærlingen gjennomføre E-læringskurs i hygiene, teoretiske og praktiske kurs i brannvern, FSE og hjarte- lungeredning, og varmt arbeid.
Lønn og arbeidstid følgjer gjeldande tariff.
Kontaktinformasjon
John Ivar Rørlien, fagleg leiar
E-post:john.ivar.rorlien@helse-bergen.no
Praksis Vg1 og Vg2
For tida er det ikkje tilbod om praksisplassar til elevar på Vg1 Elektrofag , Vg1 Teknikk og industriell produksjon og Vg2 og Vg3 Automatisering
Relevant informasjon
Læreplan i Automatiseringsfaget.