Helsenorge

Allmennlegar (ALIS) i spesialisering

Utdanning er ei av Haukeland universitetssjukehus sine hovudoppgåver. Vi bidrar til utdanning innan ei rekke helse- og sosialfag.

​Helse Vest RHF har, for å leggje til rette for sjukehusteneste for ALIS, i første omgang etablert ein ALIS-portal som skal hjelpe med informasjon og registrering av aktuell tidsperiode for utdanning i spesialisthelsetenesta.

Spesialisthelsetenesta skal leggje til rette for allmennlegane sitt behov for spesialisering i sjukehus (ALIS). Sjukehusa vil vere heilt avhengige av vel fungerande og høgt kompetente fastlegar. Vi er i starten av eit generasjonsskifte blant fastlegane med mange nye fastlegar som etter forskrift må ha gjennomført allmennlegespesialisering.

Helseføretaka må synleggjere handlingsrommet for ALIS spesialisering og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein hensiktsmessig og god måte.

Korleis registrere seg i portalen (PDF)

I denne portalen skal sjukehusavdelingane legge ut tilgjengeleg tid som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og ALIS kan melde seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»).

Det er viktig at sjukehusa følgjer opp med å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS spesialisering. Vi skal nytte tid der eigne medarbeidarar har planlagde lengre permisjonar, slik at ALIS legane kan få tilsetting i avtalt periode. Dette vil krevje god planlegging i føretaka og god medverknad frå ALIS legane for at vi skal få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennleger er ein viktig del av arbeidet.


Dokumentasjon


Fann du det du leita etter?