Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

PKO-nytt januar 2018

Praksiskonsulentane og Haukeland universitetssjukehus inviterer til temakveld med tittelen «Når unge stenger døra»  onsdag 14. februar kl. 16.00 – 21.00

Publisert 23.01.2018
Sist oppdatert 07.02.2018

​Omlag 43 000 unge har ikkje noko å gjere, og mange av dei isolerer seg heime. Korleis oppnå kontakt med dei? Korleis skal vi forstå og forklare situasjonen dei er hamna i? Kva skal vi foreslå av tiltak? Kven skal ta ansvaret?

Temakvelden er eit samarbeid mellom Haukeland universitetssjukehus og fast­legane i Helse Bergen område. Vi møtast for å drøfte korleis aktørar i helsesektor og kommune kan samarbeide for å møte desse ungdomane og deira familiar på ein god måte. Der møter du ei mor som har kjempa for sonen sin, og ein ung mann som har kome seg ut av situasjonen. På programmet står innlegg og diskusjon med representantar frå: Fastlegane, PPT, skolehelsetenesta, helsesøster, barnever­net, fylkeslegen, NAV, og spesialisthelsetenesta innan psykiatri, rus og hjarte.

Stad: Bikuben, Haukeland universitetssjukehus

Kurs teljande timar til spesialiteten allmenmedisin Påmelding til: pko@helse-bergen.no

 

8. januar 2018 flytta Barnekirurgisk sengepost frå Sentralblokka til Marie Joys' hus

Barnekirurgisk sengepost som tidlegare var ein del av Klinikk for hode-hals, blir no ein del av Barne - og ungdomsklinikken. Øyeblikkeleg hjelp-pasientar til Barnekirurgen skal som før takast imot i Akuttmottaket i Sentralblokka. Preoperativt mottak/Preoperativ poliklinikk blir igjen i Sentralblokka: • Ortopedisk klinikk: 1. etasje, på Preoperativ poliklinikk • Kirurgisk klinikk: Kirurgen post 4 • Klinikk for hode-hals: Hode-hals sin poliklinikk i 2. etasje.

Les meir i PKO-nytt