Konvolutt og fraktetikett for sending
Bruk av fraktetikett og sending
- Fraktetikett som skal nyttast ved sending måndag t.o.m torsdag (F1) er gyldig 12 månader frå utskrifts-/bestillingsdato.
- Fraktetikett som skal nyttast ved sending fredag (FL1) er gyldig kun 3 månader frå utskrifts-/bestillingsdato
Ulike fraktetiketter
Sending MÅNDAG til og med TORSDAG: Merka med F1 på fraktetiketten
| Sending FREDAG: Merka med FL1 på fraktetiketten
|

| 
|
Fraktetikett klistrast på konvolutt før levering til næraste poststad (sjå innleveringsfrist på næraste post i butikk: www.posten.no/kart). Ver merksam på å nytte rett etikett! Pakking av prøver
- Alle prøver må ha eigen transporthylse før dei blir lagt i konvolutten.
- Alle prøver til dei ulike laboratoria på Haukeland skal sendast i same konvolutt.
For mange prøver til ein konvolutt?
Fleire konvoluttar som er festa saman (inntil 4 Kg), kan ha ein og same fraktetikett. Teip konvoluttane godt saman og fest fraktetikett på øvste konvolutt.
Brun prefrankert konvolutt (sjå bilde under)
kan brukast til enkelte prøvematerial, sjå avkryssing på konvolutten for kva som kan sendast med denne.
Ver merksam på at konvolutten ikkje kan nyttast til biologisk materiale med kort haldbarheit. Transporttida blir for lang og prøvematerialet for gammalt. Sjå analyseoversikten.no for haldbarheit.
Kun eit kryss pr. konvolutt. Har dykk prøver som krev fleire kryss, bruk kvar sin konvolutt.
Har du spørsmål om sending av prøver?
Ansvarlig avdeling: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi
Kontaktpersoner: Hege Lid / Kristin Haagensen
Telefon: 55 97 31 04 / 55 97 78 81 eller mobil 954 22 394