Elektronisk rekvirering

Legekontor som sender prøver til analysering ved sjukehuslaboratoria i Helse Vest, får no tilbod om å kunne rekvirere elektronisk frå eige journalsystem. Med denne løysninga får legekontora raskare prøvesvar og det er lågare risiko for feil.

​Helse Vest har fått utvikla ei nettbasert bestillingsløysing som gir legekontora mogelegheit til å rekvirera blodprøveanalysar og andre laboratorietenester elektronisk frå sjukehuslaboratoria i helseregionen. Bestillingsløysinga kan brukast av legekontor med journalsystema CGM Journal (tidl. WinMed3), WinMed2, Plenario og System X.
Kvart sjukehus i helseregionen har laga eit oppsett for dei analysane som kan bli rekvirert, og legekontora har tilgang til opplysingar om prøvemateriale, haldbarheit på prøver og sending til dei sjukehusa som har laboratoriehandbok/ tenestekatalog. Med den elektroniske bestillingsløysinga kan legekontora rekvirera til fleire sjukehuslaboratorium og fleire fagspesialitetar samtidig (medisinsk biokjemi, mikrobiologi og patologi).


Elektronisk rekvirering kom på plass i 2014, og fleirtalet av legekontora på Vestlandet nyttar no denne løysinga.

Spørsmål? Kontaktpersonar ved sjukehuslaboratoria

Legekontor knytte til Haukeland universitetssjukehus
Marknadskonsulent for primærhelsetenesta, Merethe Nygård
E-post: merethe.nygard@helse-bergen.no  
Jobbtelefon: 55 97 78 81/ 954 22 394

Ønskjer ditt legekontor elektronisk rekvirering? Kostnadsfri etablering!

Legekontor som ønskjer å ta i bruk elektronisk rekvirering kan ta kontakt med våre kontaktpersonar (sjå ovanfor). Løysinga samt etikettskrivarar vil då bli installert. Deretter vil medarbeidar ved sjukehuslaboratoria sørgje for opplæring ved legekontoret.
Det er vanlegvis tilstrekkelig med ca. ein times opplæring for legane, og litt utvida opplæring i etterkant for prøvetakingspersonale.
Installasjon av programmet, skrivarar og opplæring er kostnadsfritt.​

Fordelar for legekontor og pasient med elektronisk rekvirering

Raskare prøvesvar o​​​g lågare risiko for feil
Elektronisk rekvirering av laboratorietenester bidrar til at legekontora får raskare prøvesvar. Risiko for feil er samstundes redusert til eit minimum.
Ein treng ikkje å taste​​ inn informasjonen fleire gonger
Med den nye bestillingsløysinga er kommunikasjonen mellom legekontora og sjukehusa elektronisk, i motsetnad til tidlegare då legekontora fylte ut skjema på papir når pasientar tok blodprøvar. Når så prøvane saman med papirrekvisisjonar kom til sjukehuslaboratoria vart opplysningane tasta inn på nytt, noko som var både tungvint og tidkrevjande.
Betre samhandling​​ mellom legekontor og sjukehus
Innføringa av den nye bestillingsløysinga starta ​opp, då det over lang tid var etterlyst ei interaktiv samhandling mellom spesialisthelsetenesta og legekontora.
Fleire fordelar:
• All relevant informasjon er tilgjengeleg i pasientjournalen
• Legekontoret har oppdatert oversikt over rekvirerte prøver
• Lågare risiko for feilmerking
• Enklare oversikt over prøvemateriale
• Ein treng ikkje papirrekvisisjonar
• Kontinuerleg oppdatert tenestetilbod