Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.
Pilot – Utprøving av Visuell integrering (VI)
Hausten 2016 vert det gjennomført ein pilot for å teste VI i avdeling for plastikkirurgi. Det er installert nytt utstyr og programvare (Epsis Teambox) på møteromma for morgonmøta, også i poliklinikken i 5. etasje. Dette skal, i teorien, gje ein betre oversikt over all nødvendig informasjon og gje muligheit til å gjennomføre morgonmøta samtidig i 2. og 5. etasje.
Ønska mål for piloten
Formålet med piloten er å teste i kvar grad VI kombinert med Microsoft Lync kan bidra til å effektivisere og auke kvaliteten på morgonmøta.
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket