Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Utvikling av sårsalve med vekstfaktorar frå platerikt plasma

Kroniske sår er ei stor utfordring for helsetenesta og fører til mykje nedsett livskvalitet

En tannbørste ved siden av en kopp

Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.

Løysinga

Internasjonal forsking tyder på at platerikt plasma (PRP), med vekstfaktorar og andre gunstige stoff for sårtilheling, har ein god effekt dersom det injiserast i såret.
Me trur at ei salve, laga med dei same aktive stoffa som flytande behandling kan gje, vil vere enklare og sikrare for pasientane enn den metoden som så langt er rapportert internasjonalt.

Stort potensial

Dette er eit pilotprosjekt kor målet er å utvikle ein prototype på ein salve som kan utviklast vidare. Viss dette pilotprosjektet vert vellukka, vil man prøve med kliniske testar – som igjen kan føre til ei kommersiell utvikling av produktet

Nytte

Auka pasientsikkerheit i høve til lokal bruk av hittil ikkje standardiserte metodar. Forenkla behandling, bruk av sårsalve/kompress er enklare enn meir omfattande sårstell, eller bruk av injeksjonar med platerikt plasma. Kortare liggetid, færre komplikasjonar gjer reduserte kostnadar til sjukehuset.


Fakta om prosjektet

Finansiering

Tildelt Helse Vest midlar I 2016.

Samarbeid

Bergen Teknologi Overføring

Kontakt

Tor A. Hervig, Overlege,
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Laboratorieklinikken, Haukeland universitetssjukehus
E-post:Tor.audun.hervig@helse-bergen.no



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 07.05.2018