Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk sist midlar i 2018.
Last ned einsidar (pdf)
Prosjektet
Barn og unge som kjem i kontakt med sjukehuset skal få mulighet til å lage seg ein eigen visuell profil, ein avatar/figur. Avataren kan plasserast inn i informasjonssvideresende kriv som handlar om; medisinske prosedyrar (blodprøvar, legeundersøkelse, fysioterapi mm), trening (styrke, ballspel, klatring mm.), møtar og tiltak som posten og energisenteret tilbyr, samt i sjukhusskolen. Avataren/figuren kan bli sett inn i teikneseriar med ulike situasjonar for bearbeiding av vegring hos barnet eller ungdomen og vil gjera det tryggare i møte med sjukehuset.
Løysinga
Utvikling av programvare, og design av informasjon som avatarane/figura skal plasserast inn i.
Nytte
Informasjon tilpassa barn og unge. Nyttig for barn og unge med sårbarhet i forhold til språk (utviklingshemminger, lærevansker, autisme). Ein kan oppnå effektivisering i behandlinga og bearbeide frykt knytt til behandling og prosedyrar. Barn og unge vil kunne få større eierskap til eigen behandling.
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket