Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2017. Last ned pdf.
Lokalsjukehus i det høgspesialiserte sjukehuset
Det er bygd opp ein mottaksklinikk der akutt sjuke pasientar med uklåre eller samansette sjukdomsbilde straks blir tatt hand om av tverrfaglege team. Pasientane får no raskare og betre behandling enn før. Målet har vore å optimalisere pasientstraumen gjennom akuttmottak og prosesser for vidare fordeling i sjukehuset. Mottaksklinikken skal kunne ta imot eit bredt spekter av pasientar som ikkje klart høyrer til gitte kliniske einingar i sjukehuset
Resultat første år
Mottaksmodellen er heilt avgjerande i framtidas utvikling av tenestetilbodet. Tala frå 2017 viser at modellen gir dei resultat ein håpte på. Pasientane møter sjukepleiar og lege med breiddekompetanse raskare , og det er ein høgare del av akuttpasientane som har fått utført radiologi innan tre timar. Eitt år etter opning viser tala at 70–80 prosent av pasientane blir skrivne direkte ut frå Mottaksklinikken, ofte same dag. Berre 20–30 prosent blir sendt vidare til ei spesialavdeling. Pyramiden er snudd på hovudet i forhold til korleis situasjonen var før mottaksmodellen.
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket