Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.
Symptomlindring
Det finst ingen kur for funksjonelle mage-tarmlidingar, og behandlingstilbodet er derfor retta mot symptomlindring. Det er eit stort behov for å integrere pasientopplæring i den heilskaplege pasientløypa.
Vil eliminere ventetida
Årleg vert over 500 pasientar vist til Haukeland med mage-tarmlidingar. Ved å opprette ein e-basert «Mage-tarmskule» som fastlegar kan tilby sine pasientar, vil ein sikre riktig forankring, betre kapasitet og betre behandlings- og oppfølgingstilbod til desse pasientane. «Magetarmskolen» på internett går over en 6-8-ukers periode og er i stor grad basert på pasientens eige engasjement.
Ønska mål
Ein internettbasert «Mage-tarmskule» vil redusere ventetida hjå spesialisthelsetenesta. Det er berekna at ein kan behandle fem gangar så mange pasientar som i dag ved å ta i bruk den nye .
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket