Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Innovativ kartlegging av synsvansker hos pasienter med hjerneslag

Synsnedsetting som tap av syn i visse deler av synsfeltet, dobbeltsyn og ustabil fokusering er vanleg etter hjerneslag. Ein nyare multisenterstudie som inkluderer pasientar med hjerneslag viser normalt syn berre hos 8% av pasientane. Pasientar med uttalt kognitiv svikt etter hjerneslag og som ikkje klarer å samarbeide i testsituasjonen blir ekskludert frå kartlegging av synsvanskar med biVABA.

En person som ser på en dataskjerm

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned pdf.

Innovasjon til beste for pasienten www.idemottaket.no
Tobii EyeX er et datateknisk hjelpemiddel som er mykje brukt for å kompensere for tapt funksjon, der du kan styre datamaskinen ved bruk av synet. Ved bruk av Tobii EyeX i kombinasjon med andre programmer får vi tilbakemelding om pasientanes synsfunksjon på dataskjermen. På bakgrunn av dette ynskjer vi å utforske korleis Tobii EyeX kan brukast til å kartlegge om pasientar med hjerneslag har synsvanskar eller ikkje tidleg i rehabiliteringsforløpet. Dette er eit helt nytt bruksområde for Tobii EyeX.

Mål for prosjektet

  • Finne ein strukturert kartleggingsmetode av synsvanskar hos pasientar med hjerneslag, som ikkje kan kartleggast med  eksisterande testar.
  • Forbetre tilbodet til ein gruppe pasientar som ikkje har tilbod pr. i dag. På sikt ynskjer vi å sjå om Tobii EyeX kan ha fleire bruksområder, f.eks. også i forhold til trening av synsvanskar.

Fakta om prosjektet

Samarbeidspartnar

Tobii Dynavox Norge

Finansiering

Innovasjonsmidler frå Helse Vest

Kontakt

Spesialergoterapeut Silje Karin Pedersen, Ergoterapiavdelingen, Ortopedisk klinikk 

e­post: silje.karin.pedersen@helse­bergen.no



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket



Sist oppdatert 04.05.2018