HELSENORGE

Implementering av kronoterapi

Årleg behandlar Avdeling for stemningslidingar rundt 150 pasientar med manisk episode. Frå 2017 starta  behandlinga med virtuelt mørke ved hjelp av blåblokkerande briller for pasientar med mani.

Implementering av kronoterapi

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus som fekk sist midlar i 2018. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset.  Last ned einsidar i pdf.

Løysinga

Vi ønskjer å utvide det kronoterapeutiske  behandlingstilbodet til også å omfatte virtuelt mørkerom/spektrumkontrollerte rom. Dette vil gjere det mogleg å gjennomføre behandling med virtuelt mørke for pasientar som på grunn av sjukdomen ikkje kan ta i bruk blåblokkerande briller. 
 

Nytte

Behandling med virtuelt mørke kan være eit supplement eller eit alternativ til medikamentell og anna tradisjonell behandling. Behandlinga kan forkorte lengda av innlegging i sjukehus og
redusere behovet for anna behandling. Ut frå eit pasientperspektiv er dette særleg positivt. Lågare belegg og færre liggedøger frigjer ressursar slik at  fleire pasientar kjem raskare til behandling


Har du ein god idé?

 

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket

Fann du det du leita etter?