Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Dina-Helse Noreg sin første praterobot

Ein aukande andel gravide får diagnosen svangerskapsdiabetes, ein tilstand som krev tettare oppfølging og ofte livsstilsendring hjå mor. Tilgang på informasjon om kosthald, behandling, helsekontrollar og fødetilbod vil gjere den gravide og hennar pårørande tryggare og betre førebudd før fødselen.

praterobot

​Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk sist midlar i 2018. Last ned einsidar (pdf)

Dina

Prateroboten Dina kan svare på spørsmål når kvinna sjølv ønskjer det. Svara er utarbeidd av helsepersonell som til vanleg følgjer opp gravide på Haukeland universitetssjukehus. Løysinga skal ikkje lagre eller presentere personleg informasjon, men styrke den gravide si kunnskap om eige helse. 
 
Dina gjer faglege konsultasjonar tilgjengeleg heile døgnet og bidreg til at pasientar blir sin eigen ressurs.

Nytte

Det forventas at Dina praterobot har potensiale til å redusere tal konsultasjonar knytt til kosthaldsregulert svangerskapsdiabetes med 70 % og fleirfaglege konsultasjonar med 30 %. Prosjektet innehar verdifulle erfaringar som vil kome fleire prosjekt og pasientgrupper til gode.

Fakta om prosjektet

​Finansiering

Tildelt kr. 300 000,- i innovasjonsmidler frå Helse Vest 2018.
Tildelt kr. 200 000,- i innovasjonsmidler frå Helse Bergen 2018.


Samarbeidspartnar

Bergen kommune/Smart Omsorg.

Kontakt

Agnethe Lund, overlege, Kvinneklinikken, Haukeland universitetssjukehus.
e-post:agnethe.lund@helse-bergen.no
Synnøve Olset, spesialkonsulent IKT, Arkitektur, portefølje og innovasjon, Helse Vest IKT.
e-post:synnove.olset@helse-vest-ikt.no

www.helse-bergen.no/spordina.no



Har du ein god idé?

lyspærer i papirfly på vei til idemottaket
Klikk for å sende idéer til idémottaket

Sist oppdatert 01.09.2021