Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016. Last ned einsider (pdf)
Svært effektiv behandling
Behandlinga for tvangsliding (OCD), concentrated ExposureTherapy (cET) vekker stor interesse nasjonalt og internasjonalt. Metoden reduserer behandlingstida frå månader til fire påfølgande dagar. Meir enn 70% oppnår full remisjon som held seg over tid, det er i praksis ikkje fråfall.
Skal bli tilboden dei vanlegaste angstlidingane
Innovasjon til beste for pasienten www.idemottaket.no
Tilnærminga er sterkt etterspurt frå pasientar, pårørande og behandlarar, både nasjonalt og internasjonalt (Nederland, USA, Tyskland, Sverige, Danmark), og er lovande for andre lidingar som sosial angst, panikkliding og generalisert angstliding. Spreiinga er i gang, og i løpet av 2017 er målet å kunne tilby det konsentrerte behandlingsformatet til alle helseregionane, og starte opp den første spreiinga av metoden til utlandet.
Tiltrekker seg dei fremste forskingsmiljøa
Formatet er ideelt for forsking på behandlingsmekanismar fordi det så sterkt reduserer usystematisk variabilitet knytt til forhold utanfor behandlinga. Samen med toppforskarar ved bl.a Harvard og UCLA er metoden nå utgangspunkt for kliniske-, fMRI-, farmakologi- og genetikkstudiar.
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket