Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus. Tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2018. Last ned einsidar (pdf)
Løysinga
Dyrking av humane celler til stamcelleterapi og regenerativ medisin krev høg kvalitet. Mediet som cellene veks i treng ekstra vekstfaktorar. Idéen er å bruke utdaterte blodplatekonsentrat frå blodbanken for framstilling av platelysat; BergenLys, som inneheld vekstfaktorar som cellene treng. Framstillingsmetoden inneber nye tilnærmingar til kjende produksjonsmetodar.
Pilot
Det er utført to pilotstudiar for å finne optimal produksjons-prosess og for å teste kvaliteten på produktet. Resultata syner betre vekst ved dyrking av humane stamceller samanlikna med kommersielt tilgjengelege produkt som inneheld vekstfaktorar frå dyr.
Nytte
Stamcellebehandling vil kunne betre livstilhøvet for mange pasientar. Bruk av platelysat gjer: betre cellevekst, mindre fare for overføring av allergen og mikroorganismar, betre dyrevelferd og optimal ressursbruk.
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket