Dette er eit innovasjonsprosjekt ved Haukeland universitetssjukehus og tiltaket er ikkje ein del av det ordinære behandlingstilbodet ved sjukehuset. Prosjektet fekk midlar i 2016.
Last ned einsidar.
Dagleg påfyll
Digitale opplæringsverktøy kan sørgje for at pasienten får nødvendig kunnskap og påfyll av motivasjon dagleg og over lengre tid. Ein utviklar no ein app som skal kunne gjenbrukast til fleire sjukdommar, som har ein innebygd «chatbot» som sørgjer for at brukaren mottar læringsinformasjon og får motiverande meldingar basert på eigen aktivitet.
Avansert teknologi
Ein vil nytte kunstig intelligens for å sikre at brukarane kan chatte med appen på ein intuitiv måte. Til dømes vil brukaren kunne seie at han ikkje treng meir info om eit gitt tema, og så skjønnar appen at han skal vente med nye meldingar til det er tid for eit nytt tema. Slik legg appen til rette for at brukaren kan styre eigen læringsprosess på ein god måte.
Ønska mål
Appen skal bidra til varige endringar i levevanar og økt meistring av kroniske tilstandar. Ein ønskjer også å etablere eit kombinert
Har du ein god idé?
Klikk for å sende idéer til idémottaket