Søk om forskings- og innovasjonsmidlar

Rådgjevingstenesta for ekstern forskingsfinansiering jobbar med å støtte forskingsprosjekt knytt til Haukeland universitetssjukehus i prosessen med å søkje på eksterne midlar til forsking.

Hendar og tablet. Foto.
 

​Alle finansieringskjelder utanom midlar frå Helse Vest sjåast på som eksterne. Høgast på prioriteringslista er finansiering gjennom EU og Norges Forskingsråd (NFR). Å auke den norske deltakinga i prosjekt tilknytt EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont 2020, er eit satsingsområde for Haukeland. I tillegg har NFR store årlege utlysingar, både innan helse- og omsorgsfeltet og meir generelle. Rådgjevingstenesta støttar også søknader til KG Jebsen, Kreftforeninga og andre aktuelle eksterne finansieringskjelder.

Les meir om Horisont 2020.
Les meir om Forskingsrådets program.
 

Ved å abonnere på utlysningskalenderen vår, kan du følgje med på komande små og store utlysningar, i Norge og internasjonalt.


 
​Det er enkelt å abonnere på alt, så er du alltid oppdatert utan at du treng å gå via denne nettsida.

Abonnér her

Det er to alternativ for å abonnere. Du kan bruke eitt eller begge alternativa: 

Kontakt 

 
E-post: forskning@helse-bergen.no

Opne kalenderen i nytt vindauge

Slik synkroniserer du med din kalender (pdf) 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.