Millionstøtte til utprøvande behandling mot Parkinsons sjukdom
Norges Parkinsonforbund (NPF) gir heile 5 millionar kroner i direkte støtte til forskingsprosjektet HYDRA – ein norsk, nasjonal plattform for utprøvande behandling mot Parkinsons sjukdom. Prosjektet blir leia av Charalampos Tzoulis, professor i nevrologi og nevrogenetikk ved Haukeland universitetssjukehus.
![En gruppe mennesker som holder et skilt](/4904f6/contentassets/a7a51bec91ae4acb84d3c0eb992958ce/decode---pd-hydra-1.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Millionstøtte til HYDRA er ei milepæl i historia til Norges Parkinsonforbund
For første gong har forbundet kunne støtte eit konkret forskingsprosjekt med eit så stort beløp.
– Dette er ei gladsak av dimensjonar. Vi har store forventningar til kva HYDRA-prosjektet kan oppnå på sikt. Gjennom deltaking i styringsgruppa får vi òg unik innsikt i forskinga som vert gjennomført, og eit tett og konstruktivt samarbeid med forskarane, seier generalsekretær Kristin Ruud i Norges Parkinsonforbund.
Testing av potensielle behandlingar
Trass i fleire tiår med forsking finst det framleis ingen sjukdomsmodifiserande behandling som kan bremse, stoppe eller førebyggje utviklinga av Parkinsons sjukdom.
Professor Tzoulis understrekar at testing av potensielle behandlingar i kliniske studiar er avgjerande for å finne ein kur.
– I slike studiar får halvparten av deltakarane behandling, medan den andre halvparten får placebo. For å finne ut om ei behandling kan bremse Parkinsons sjukdom, treng ein vanlegvis minst 400 deltakarar (200 som får behandling og 200 som får placebo) over minst eitt år. Ei slik studie kostar over 100 millionar kroner og tek minst fem år å gjennomføre.
Ressurskrevjande prosess
Tzoulis forklarar at kliniske behandlingsstudiar er svært ressurskrevjande og tek lang tid.
– I Noreg har vi verken ressursar eller nok deltakarar til å gjennomføre meir enn éi slik studie om gongen. Dette gjer at behandlingsforskinga går svært sakte framover, og at norske pasientar har få moglegheiter til å delta i utprøvande studiar.
Kan revolusjonere utprøvande behandling
HYDRA-initiativet gjer det mogleg å teste fleire behandlingar samstundes i staden for berre éi om gongen. Dette kan på sikt revolusjonere behandlinga for parkinson.
Plattforma er ein såkalla «multiarm, multi-stage» (MAMS) studie, der 3–4 behandlingar kan testast parallelt med éi felles placebogruppe. Kvart behandlingsløp («arm») inkluderer 200 deltakarar med parkinson, noko som betyr at mellom 800 og 1000 personar i Noreg kan delta i studiar samstundes.
Når ei behandling er ferdig testa, blir ho erstatta av ei ny. Dette held fram til effektive behandlingar er funne.
NOPARK-studien
I 2019 starta dei første akademiske studiane av utprøvande behandling for parkinson i Noreg. Det blir for tida gjennomført éi stor nasjonal behandlingsstudie med 400 deltakarar (NOPARK-studien) og éi nasjonal studie på atypisk parkinsonisme med totalt 360 deltakarar.
– Sjølv om vår innsats har endra landskapet i Noreg og for første gong gitt personar med Parkinsons sjukdom moglegheit til å delta i utprøvande studiar, går framgangen altfor sakte. Vi kan framleis berre teste éi behandling om gongen, understrekar Tzoulis.
Store fordelar
HYDRA har fleire fordelar samanlikna med dagens modell. HYDRA meir inkluderande, då langt fleire personar med parkinson får moglegheit til å delta – minst 2–3 gongar fleire enn med dagens modell.
For det andre reduserer HYDRA tidsbruken ved å krevje berre éi placebogruppe for kvar 3–4 behandlingar. Dette betyr at fire behandlingar kan testast med nesten 40 % færre deltakarar, og forskarane kan få resultat etter 4–5 år i staden for minst 15 år.
For det tredje er HYDRA meir etisk, sidan berre éin av fem deltakarar får placebo, og deltakarar i ineffektive behandlingar kan flyttast til meir lovande behandlingar undervegs.
HYDRA set norsk parkinsonforsking på verdskartet gjennom samarbeid med leiande forskingsmiljø globalt, inkludert Storbritannia, Frankrike, USA og Australia. Dette samarbeidet, kjend som "Global Coalition of Platform Trials in Parkinson's Disease", vil fremskunde behandlingsgjennombrot og gi norske pasientar tilgang til kliniske studiar av høgaste kvalitet.
13 sjukehus frå alle dei fire helseregionane deltek: Førde sentralsjukehus, Haugesund sjukehus (Helse Fonna), Haukeland universitetssjukehus, Oslo universitetssjukehus, Akershus universitetssjukehus, Vestre Viken sjukehus, Sykehuset Østfold (Kalnes), Molde sjukehus, Sykehuset Innlandet (Lillehammer), St. Olavs hospital, Universitetssjukehuset Nord-Noreg (Tromsø), Nordlandssjukehuset (Bodø) og Sørlandsklinikken, Arendal sjukehus, her jobbar Karen Herlofson - ein viktig og engasjert kollega som bidreg betydeleg til inkludering av deltakarar i behandlingstudiane våre, seier prosjektleiaren.