Forskingsmiljø
Her finn du oversikt over nokre av dei forskargruppene, sentra og forskningsmiljøa som finst ved Haukeland universitetssjukehus og som forskarar frå Helse Bergen er involvert i.
Mohn Kreftforskingslaboratorium
Laboratoriet har 25 forskarar og teknikarar som i hovudsak jobbar med følgande problemstillingar:
- Genetiske endringar som gjer kreftceller resistente mot behandling.
- Medfødte genetiske faktorar som påverkar risikoen for kreft og resulterer i ulike kliniske uttrykk og ulik grad av sideverknadar ved behandling.
- Hormoner og deira rolle i sjukdomsutvikling og behandling ved hormonfølsomme kreftsjukdomar.
Mohn Kreftforskingslaboratorium
Endokrin Medisin
Professor og overlege Eystein Husebye leiar forskingsgruppa for Endokrin medisin som hovudsakleg er innretta mot forsking på binyresjukdomar og andre hormonsjukdomar. Målet er å belyse alle sider ved desse sjukdomane fra epidemiologi (utbreiing) og sjukdomsmekanismar til behandling.
Forskar på lungehelse
RHINESSA er eit internasjonalt forskingsprosjekt om lungehelse gjennom heile livsløpet og på tvers av generasjonar. Studien gjennomførast i 8 land, og har pågått dei siste 20 åra.
PROCARD - ein forskningsgruppe under Hjarteavdelinga
Forskingsgruppa vart formelt oppretta hausten 2009, og vert leia av professor Tone M. Norekvål.
Trass i jevn nedgang i dødeligheit og betre behandlingsmetodar lever over 450 000 nordmenn med ein kronisk hjartesjukdom som har konsekvensar for både individ og samfunn. Pasientrapporterte data, og korleis pasientane erfarer å gjennomgå akutt og kritisk sjukdom, er eit viktig grunnlag for samvalg i behandlinga og har fått aukande aktualitet.
Bruk av pasientrapporterte data er i aukande grad inkludert i forskingsstudiar og blir kombinert med kliniske utkommemål. I forskinga til PROCARD er det pasienten sin stemme som løftast fram. Pasienterfaringar er derfor sentrale i forskinga.
Målet er å fremje ei pasientsentrert pleie og behandling, kor pasienten aktivt kan delta i beslutningar om eiga helse. Dette er i tråd med politiske føringar relatert til brukarmedverknad i helsetenesta.
Forskargrupper
- RHINESSA
RHINESSA er eit internasjonalt forskingsprosjekt som tek for seg lungehelse gjennom heile livsløpet og på tvers av generasjonar. RHINESSA står for Respiratory Health In Northern Europe, Spain and Australia.
- Mohn kreftforsknings-laboratorium
Mohn Kreftforsknings laboratorium for translasjonell kreftforskning vart offisiellt opna 21. desember 2009.
- Forsking på stemningslidingar i Helse Bergen
Vi forskar på stemmingslidingar i Helse Bergen. Vi ynsker å få meir kunnskap om lidingane og kunna tilpasse behandlingane våre betre.
Senter
- Norsk Koordineringssenter for Blodberedskap (Nokblod)
Tidleg blodoverføring er alltid å anbefale i behandling av pasientar med livstruande blødning. Senter for koordinering av blodberedskap arbeider for å betre blodberedskapen i Noreg. NoKBlod er lokalisert til Helse Bergen.
- Neuro-SysMed
Neuro-SysMed er Norges første forskningssenter for klinisk behandling i nevrologi.