EU-prosjekt innvilga med toppscore
Prosjektet “NADage – Å auke NAD-metabolismen for å førebyggje patologisk aldring av hjernen” er blitt valt ut i programmet ERA4Health til å motta finansiering. Prosjektet skal undersøkje korleis NAD-metabolismen påverkar aldring, kognitiv svikt og skrøpelegheit. Gjennom ein klinisk studie vil forskarane teste effekten av NAD-tilskot hos eldre med skrøpelegheit, i håp om å bremse eller førebyggje aldersrelaterte svekkingar i hjernen.
Forsking på NAD
Charalampos Tzoulis er professor i nevrologi og nevrogenetikk ved Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Bergen (UiB). Han er spesialist på rørsleforstyrringar og nevrodegenerative sjukdomar, inkludert demens og Parkinson. Han leier forskingsgruppa DECODE-PD ved UiB og er meddirektør for Neuro-SysMed-senteret, der han leier nevrodegenerasjonsprogrammet. Sidan 2022 har han også vore direktør for K.G. Jebsen-senteret for translasjonsforsking på Parkinsons sjukdom ved UiB. No skal han leie EU-prosjektet.
Leidd av professor Tzoulis vil den norske forskingsgruppa gjennomføre ein klinisk behandlingsstudie for å undersøkje om tilskot av NAD kan forbetre tilstanden til eldre med skrøpelegheit, ein tilstand som ofte er forbunde med auka mottakelegheit for sjukdom og funksjonsfall. Katarina Lundervold er PhD-kandidat og hovudutprøvar for NADage-behandlingsstudien. Jutta Dierkes, professor i klinisk ernæring ved UiB, skal studere samanhengen mellom kosthald/ernæring og nevrodegenerasjon i prosjektet. Yamila Cleuren Torres er forskingsrådgjevar og koordinator for forsking og innovasjon, og ho har spelt ei sentral rolle i utforminga av prosjektet og sikringa av midlane. Prosjektet er forankra ved Haukeland Universitetssjukehus med UiB som partnar, og behandlingsstudien vil vere eit samarbeid med Haraldsplass Diakonale Sjukehus.
NAD (nikotinamid-adenin-dinukleotid) er eit stoff som er vesentleg for energiomsetning og normal funksjon i kroppens celler. Forsking har vist at NAD-nivået søkk med alderen, noko som er antatt å gjere eldre menneske meir sårbare for sjukdom. Dette prosjektet tar sikte på å undersøkje om NAD-tilskot kan bidra til å redusere skrøpelegheit og forbetre både fysisk og kognitiv funksjon hos eldre.
Storskala klinisk studie i Bergen
Kjernen i prosjektet er ein stor klinisk behandlingsstudie som inkluderer eldre pasientar frå heile Noreg, rekruttert ved HUS og HDS. Studien vil utforske om tilskot av NAD kan forbetre rørsleevna, kognitiv funksjon og generell helse hos skrøpelege eldre. Det unike ved denne studien er at han ikkje berre fokuserer på spesifikke nevrodegenerative sjukdomar, som Parkinson og demens, men også på ein meir mangfaldig tilstand som skrøpelegheit, som er ein risikofaktor for utvikling av mellom anna demens.
Professor Tzoulis forklarer at ei forbetring av skrøpelegheit med så lite som 20 % potensielt kan forseinke behovet for sjukeheimsinnlegging med fleire år, noko som kan spare samfunnet for betydelege helsekostnader.
– Skrøpelegheit er ein svært kompleks tilstand mange eldre slit med, og i dag finst det ingen effektive behandlingsmetodar. Vi håpar at vår forsking kan gi oss svar på om NAD-tilskot kan vere ein nøkkel til å forbetre livskvaliteten til eldre menneske og redusere risikoen for demens og andre aldersrelaterte sjukdomar, seier Tzoulis.
Vellykka forsking
HUS har allereie markert seg som verdsleiande innan klinisk NAD-forsking, særleg innan Parkinsons sjukdom og andre nevrodegenerative sjukdomar som ALS, demens og progressiv multippel sklerose. Tzoulis sitt team fullførte den første studien på NAD-tilskot for Parkinson-pasientar i 2021, som viste oppmuntrande resultat. Motiverte av desse funna, er forskarane no i gang med ein fase 3-studie som involverer 400 pasientar og er forventa fullført i mai 2025.
– Vi har allereie sett lovande resultat med NAD-tilskot hos pasientar med Parkinson, og dette har inspirert oss til å utvide forskinga vår til også å omfatte skrøpelegheit. Det er mogleg at NAD kan spele ei avgjerande rolle i å forseinke, eller til og med førebyggje, ei rekkje aldersrelaterte helseutfordringar, forklarer Tzoulis.
Skrøpelegheit som ein risikofaktor
Skrøpelegheit er ein tilstand som kjenneteiknast av nedsett fysisk kapasitet og auka sårbarheit for sjukdomar. For mange eldre er skrøpelegheit ein forløpar til demens og andre alvorlege tilstandar. Ved å fokusere på denne komplekse tilstanden, håpar forskarane å finne måtar å forbetre helsa og livskvaliteten til eldre menneske før dei utviklar meir alvorlege sjukdomar.
Med denne forskinga håpar prosjektgruppa å bidra til ny kunnskap som kan føre til betre aldring og redusert skrøpelegheit, noko som i siste instans kan forbetre eldreomsorga i Noreg og resten av verda.
Internasjonalt samarbeid
Prosjektet er eit internasjonalt samarbeid mellom fire land – Noreg, Spania, Estland og Danmark – med Noreg som leiar. Dette samarbeidet viser kor viktig forskinga på aldring og skrøpelegheit er, ikkje berre for Noreg, men også i eit breiare europeisk perspektiv.
Studien, som har fått betydeleg støtte frå EU, set HUS og Bergen på kartet som ein leiande aktør innan medisinsk forsking på aldring og nevrodegenerative sjukdomar.
Prosjektet har potensial til å revolusjonere behandlinga av skrøpelegheit og bidra til ei ny forståing av korleis vi kan forlenge perioden med god helse i alderdommen.