Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

24 millionar til kreftforsking i Helse Bergen

Årets tildeling frå Kreftforeininga skil seg ut ved å inkludere fleire forskingsprosjekt frå miljø utanfor Oslo, med eit særleg fokus på Bergen. Heile åtte forskingsprosjekt frå Bergen har fått støtte, og totalt går 61 millionar kroner til Helse Bergen og Universitetet i Bergen. Dette understrekar den aukande tydinga av tverrfagleg samarbeid og forsking utanfor hovudstaden, og gjev eit viktig løft til kreftforskinga i Bergen.

Helena Heimstad
Publisert 19.11.2024
En gruppe mennesker som poserer for et bilde
F.v. Klinikkdirektør ved kreftavdelinga Oddbjørn Straume, forskingssjef ved HUS Vibeke Vold, professor Halfdan Sørbye, overlege Hrvoje Miletic og overlege Eli Sihn Samdal Steinskog

Viktig samarbeid

Onsdag førre veke vart både forskarar og leiing frå dei to institusjonane samla til ei tildeling ved Universitetet i Bergen, saman med Kreftforeininga. Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, uttrykte si takksemd til dei engasjerte forskarane for deira viktige bidrag til utviklinga av ny kunnskap innan kreftforsking, og for det gode samarbeidet med Kreftforeininga og Haukeland. Klinikkdirektør ved kreftavdelinga på Haukeland, Oddbjørn Straume, nytta høvet til å takke og rose forskarmiljøa.

– Eg er utruleg stolt av alle som legg ned eit enormt arbeid for å sikre midlar og vidareføre prosjekta sine. Denne støtta er avgjerande for å utvikle betre behandlingar og auke forståinga vår av kreft. Kreft er ein kompleks sjukdom som krev kompetanse frå fleire fagfelt for å møte pasientar og pårørande. Det breie spekteret av område som har fått støtte, er viktig fordi det syner at kreftforsking er eit tverrfagleg felt som krev ulike tilnærmingar for å kjempe effektivt mot sjukdomen, sa klinikkdirektøren.

En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Fv. Oddbjørn Straume, Margareth Hagen, Halfdan Sørbye, Carina Strell, Oleksii Nikolaienko, Benjamin Torsvik, Elin Sihn Samdal Steinskog, Thomas Arnesen, Bjørn Tore Gjertsen, Hrvoje Miletic og Geir Vangsnes

Støtte til forsking på aggressiv krefttype

Professor Halfdan Sørbye, overlege og spesialist i onkologi ved Haukeland universitetssjukehus, leier eit forskingsprosjekt om nevroendokrine karsinom (NEC), ein aggressiv kreftform i tjukk- og endetarm. Sørbye er ein av forskarane i Helse Bergen som får midlar frå Kreftforeininga. Han skildrar NEC som ein av dei mest alvorlege krefttypane, der nesten alle pasientar har spreiing ved diagnosetidspunktet. Utan behandling overlever dei fleste berre 1–2 månader, og sjølv med behandling døyr dei fleste innan eitt år. Forskinga skal bruke midlane til kostbare analysar som kan gje innsikt i behandling av både NEC og andre aggressive kreftformer.

En mann i hvit skjorte
Halfdan Sørbye mottek 8 millionar kroner frå Kreftforeininga, her saman med Geir Vangsnes, leiar i Kreftforeininga Vestland.
Foto: Øystein Fykse

8 millionar kroner til forsking på kreft med ukjent opphav

Eli Sihn Samdal Steinskog, overlege og onkolog ved Helse Vest og Helse Møre og Romsdal, skal leie eit av prosjekta som får 8 millionar kroner frå Kreftforeininga. Ho leier NorCUP-studien, som rettar seg mot pasientar med kreft med ukjent utgangspunkt (cancer of unknown primary, CUP). Denne pasientgruppa har ofte avgrensa behandlingsmoglegheiter grunna utfordringar med å identifisere kreften sitt opphav.

Med støtta frå Kreftforeininga skal prosjektet starte arbeidet med molekylær profilering, ein avansert teknologi som kan gje meir presis diagnostikk. Målet er å identifisere behandlingsmål og skreddarsy behandling til kvar enkelt pasient. Dette vil gje eit viktig løft for diagnostikk og behandling av CUP-pasientar i Noreg, og kan potensielt forbetre både overleving og livskvalitet for ei gruppe pasientar med få alternativ i dag.

En gruppe mennesker som sitter i stoler
Eli Sihn Samdal Steinskog fortel at midlane frå Kreftforeininga bidreg til å etablere ei ny forskingsgruppe.
Foto: Øystein Fykse

Ny forståing av hjernesvulstcellers kommunikasjon

Hrvoje Miletic, overlege ved avdeling for patologi på Laboratorieklinikken, forskar på glioblastom, den mest aggressive og vanlegaste forma for primære hjernesvulstar. Forskninga har nyleg oppnådd ei milepåle i å forstå kommunikasjonen mellom hjernesvulstceller og det omkringliggjande stromet/mikromiljøet ved å oppdage mitokondrieoverføring frå normale astrocyttar til hjernesvulstceller gjennom eit kommuniserande nettverk basert på cellulære utvidingar kalla mikrotuber (MTs). Midlane frå Kreftforeininga skal no nyttast til å vidareføre denne kunnskapen.

– Vi har avdekka at mitokondrieoverføring skjer gjennom eit spesialisert nettverk mellom svulst- og hjerneceller. No undersøker vi dei molekylære mekanismane bak dette nettverket for å forstå korleis det påverkar tumorutvikling og behandlingsrespons, seier prosjektleiar Hrvoje Miletic.

En mann og en kvinne som står foran et vindu
Overlege Hrvoje Miletic forskar på glioblastom og har oppdaga at svulstceller mottek mitokondriar via mikrotuber. Med støtte frå Kreftforeininga skal han utforske mekanismane bak denne prosessen.
Foto: Øystein Fykse

Viktig bidrag til kreftforsking

Benjamin Torsvik vart invitert til å delta på utdelinga, etter å ha gjennomført fleire treningsutfordringar for å samle inn pengar til kreftforsking. Aleine har Benjamin bidrege med heile 730.000 kroner til Kreftforeininga. Etter å ha starta med å gå Liatårnet 15 gonger i 2021, har han gjennomført ulike utfordringar som å sykle Bergen–Oslo, og tidlegare i år gjekk han Øygarden på langs. Torsvik skildrar innsatsen sin som ein «idiotisk» idé som vart gjort for ein god sak, og han er stolt over å vere ein del av den viktige kampen mot kreft.

En mann som holder et blått og hvitt skilt foran et vindu
Benjamin Torsvik byrja å samle inn pengar til Kreftforeininga under pandemien. Neste år skal han springe halvmaraton.
Foto: Øystein Fykse

Geir Vangsnes, leiar i Kreftforeininga Vestland, takka for Benjamins viktige bidrag. Vangsnes understreka at Benjamin er éin av mange tusen som engasjerer seg i kampen mot kreft. Han minna forskarane på at når dei sit åleine i laboratoriet eller føler seg åleine i arbeidet sitt, finst det menneske over heile landet som støttar og heiar på dei for å lukkast.