Tiltak 64
Det skal i sjukehuset sitt infeksjonskontrollprogram føreligge skriftlege retningslinjer for oppklaring og avgrensing av utbrot. HF
Tiltak 65
Utbrotshandtering skal vere ein del av gjeldande lokalt og regionalt planverk for beredskap. HF/RHF
Tiltak 66
Smittevernpersonell bør vere representert i beredskapsleiinga ved utbrot med smittsame sjukdomar. HF
Tiltak 67
Ved mistanke om utbrot i sjukehus skal dette varslast i VESUV. HF
Tiltak 68
Helse Vest bør vurdere behovet for eit regionalt fagråd beståande av fagleg leiar for RKS og smittevernlegar frå alle fire føretak samt Haraldsplass Diakonale Sjukehus, som kan bistå ved større utbrot, epidemiar og pandemiar. RHF
Tiltak 69
Helseføretak og andre helseinstitusjonar bør gjennomføre nullrapportering av utbrot. HF
Tiltak 70
Sjukehusa skal ha system for å tilby sine tilsette relevante vaksiner. HF
Tiltak 71
Helseføretak bør ha oversikt over vaksinasjonsstatus blant eige helsepersonell. HF
Tiltak 72
Helseføretak skal bidra til at minst 75 prosent av tilsette i sjukehus årleg blir vaksinert mot sesonginfluensa. Dei regionale helseføretaka rapporterer summarisk i årleg melding. HF/ RHF