Sjukehusbygg
Ved nybygg og rehabilitering skal sjukehusa i Helse Vest sikre at bygningsmessige forhold understøttar gjennomføring av eit godt smittevern.
Sjukehusdesign er av betyding for smittevern. Rett design og innreiing kan på ei rekke område medverke til å bryte smittevegar og førebygge infeksjonar. Smittevernomsyn bør adresserast i alle nybygg- og renoveringsprosjekt frå dag éin.
Forhold knytt til bygg og utstyr av betyding for smittevern er blant anna
- tilstrekkeleg tal einerom og isolat
- størrelse og utforming av sengepostar poliklinikkar/dag- og operasjonseiningar, inkludert tilstrekkeleg lager- og desinfeksjonsareal
- einingar for dekontaminering av medisinsk utstyr
- sentralisert reingjering av pasientsenger
- opphaldsrom og overnatting for pårørande
Last updated 10/27/2023