We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Infeksjonsovervaking

Infeksjonsovervakinga skal styrkast og standardiserast gjennom innsamling og kvalitetssikring av relevante data, epidemiologiske analyser og rapportering av resultat. Helse Vest RHF skal bidra i regional og nasjonal overvaking av helsetenesteassosierte infeksjonar.

Registrering av helsetenesteassosierte infeksjonar  og antibiotikabruk er obligatorisk for alle sjukehusa i Norge og er regulert i eiga forskrift  (Norsk overvåkingssystem for antibiotikabruk og helsetjenesteassosierte infeksjoner, NOIS).

Helseføretak og sjukehus i Helse Vest overvakar infeksjonsførekomst gjennom prevalensregistrering av HAI og antibiotikabruk samt kontinuerleg registrering av postoperative sårinfeksjonar av eit utval kirurgiske inngrep gjennom Norsk overvakingssystem for antibiotikabruk og helseteneste-assosierte infeksjonar (NOIS). Ei kontinuerleg og kvalitetssikra infeksjonsovervaking skal sikre at HAI vert oppdaga tidleg slik at tiltak kan setjast inn for å avgrense omfang, og at leiinga får nødvendig oversikt. 

Tiltak 8: Helseføretaka skal rapportere elektronisk til MSIS og SYSVAK samt ta i bruk spesifikt kodeverk for HAI når dette føreligg.

​Tiltak 9: Sjukehusa skal ha system for å analysere, presentere og følgje opp måltal frå dei ulike registreringane (infeksjonsregistrering, resistensovervaking, prosess- og resultatindikatorar). HF

Tiltak 10: Helseføretak skal gjennomføre rotårsaksanalysar for definerte alvorlige helsetenesteassosierte infeksjonar og mikrobar etter standardisert mal. HF

Tiltak 11: Data frå infeksjonsovervaking skal nyttast i lokalt forbetringsarbeid. HF

Tiltak 12: RKS bistår med genotyping av mikroorganismar når dette har betyding for smittevernarbeidet. RKS

Tiltak 13: RKS har ansvar for utvikling og vedlikehald av felles elektronisk registreringsverktøy (Webport) RKS

​Tiltak 14: RKS skal bidra i det nasjonale arbeidet med vidareutvikling av system for infeksjonsregistrering. RKS​

​Her finner du informasjon og verktøy om ​Rotårsaksanalyse

​Her finner du mer informasjon om overvaking av helsetenesteassosierte infeksjonar og antibiotikbruk​

Last updated 10/27/2023