We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Implementering og etterleving av infeksjonskontrollprogram

Arbeidet med implementering og etterleving av smitteverntiltak skal styrkast i sjukehusa i Helse Vest. Arbeidet med implementering omfatter både rotårsaksanalyse og kvalitetsforbedring.

​Infeksjonskontrollprogrammet skal omfatte alle nødvendige tiltak for å førebygge infeksjonar, hindre smittespreiing i institusjonen, og såleis bidra til å sikre pasientane trygge tenester. Programmet skal  vere ein del av verksemda sitt internkontrollsystem.

Alle tilsette har eit sjølvstendig ansvar for å praktisere etter dei krav, retningslinjer og prosedyrar som er skissert i infeksjonskontrollprogrammet. Ei utfordring i infeksjonsførebyggande arbeid er å få smittevern til å bli ein del av alt pasientarbeid gjennom implementering av kunnskapsbaserte tiltak. Leiarforankring og aktiv støtte frå alle leiarnivå i sjukehuset er ein viktig føresetnad for vellukka implementering. Andre viktige føresetnader er bevisstgjering rundt barrierar mot endring og eliminasjon av desse.  Organisasjonskulturen er avgjerande for å få til varige endringar. Smittevernpersonell treng  kunnskap og opplæring  i forbedringsmetodikk for å lukkast med implementeringsarbeidet.

Tiltak 52: Sjukehusa skal nytte kunnskapsbaserte metodar for implementering i sitt smittevernarbeid. HF

Tiltak 53: Forbedringskunnskap skal ligge til grunn for implementeringsarbeidet. HF

Tiltak 54: Sjukehusa bør sikre regelmessig praktisk trening i gjennomføring av ulike smittevernrutinar, eksempelvis gjennom simulering. HF

Tiltak 55: Rotårsaksanalyse og internrevisjon skal nyttast i forbedringsarbeidet innan smittevern. HF

Tiltak 56: RKS kan bistå til kompetansebygging i rotårsaksanalyse for smittevernpersonell i regionen. RKS

​Her finn du verktøy og maler knyttet til rotårsaksanalyse​

​​For å sikre implementering av infeksjonskontrollprogrammet har RKS i tråd med Forskrift om ledelse og kvalitetsforbedring i helse-og omsorgstjenesten fokus på å knytte sammen smittevernfaget og kunnskap om forbedringsarbeid.


Deltakelse på Regional forbetringsutanning- Helse Vest RHF anbefales for personell som skal jobbe med implementering og forbedring.


Informasjon om kvalitetsforbedring finnes på  "I Trygge hender 24-7"  sine nettsider

Last updated 10/27/2023