Regionalt kompetansesenter for smittevern (RKS) Helse Vest er organisert under Seksjon for pasienttryggleik Helse Bergen. Kompetansesenteret skal i tråd med smittevernlov og forskrift om smittevern i helse- og omsorgstenesta, samordne smittevernarbeidet i helseregionen og yte sakkyndig hjelp til helseinstitusjonar i regionen. Senteret skal stimulere til aktivitet og fremme fagutvikling gjennom til dømes smittevernrådgjeving, kompetansehevande tiltak for personell og forsking, og skal leiast fagleg av ein heiltidstilsett smittevernoverlege.
RKS søkjer å sikre god samhandling og erfaringsutveksling innan smittevern i regionen gjennom relevante samlingar og møteseriar. I tillegg har kompetansesenteret ei rådgjevande rolle overfor Helse Vest RHF. Kompetansesenteret samarbeider med dei andre regionale kompetansesentra for smittevern og med Folkehelseinstituttet.
Det regionale kompetansesenteret skal ifylgje Handlingsplan mot antibiotikaresistens bistå med implementering av antibiotikastyringsprogram i sjukehusa i Helse Vest samt bistå den kommunale helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med å redusere antibiotikabruken i sjukeheimane i regionen.
Dersom kommunane ynskjer det, skal det regionale helseføretaket sørge for at det utarbeidas tilbod om nødvendig smittevernbistand til kommunale institusjonar som omfattast av forskrift om smittevern i helsetenesta innan helseregionen. Dette gjelder både offentlige og private institusjonar.
Andre regionale kompetansesentre
Kvart regionale helseføretak skal ha eit senter for smittevern som skal fungere som kompetansesenter for helseregionen. Her er dei andre regionale kompetansesentra: