We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Korleis bruke Psyken?

Icon
Alle menneske er ulike.

Korleis bruke Psyken?

Meistringsprogrammet Psyken har fem delar. Kvar del handlar om eit eige tema. Kvar del har som mål å gi deg informasjon, teknikkar og øvingar som kan hjelpe deg med å meistre kvart tema. For nokon er det kanskje nok å berre arbeide med enkelte av delane. For å bygge ein god psykisk helse, anbefaler vi likevel at du tar deg tid til å utforske alle delane i programmet.

Alle menneske er ulike. Vi har derfor forsøkt å skrive Psyken slik at du kan velje rekkefølga på temaa, alt etter kva som passar deg. 

Det første steget er likevel likt for alle. Alle som skal bygge ein betre psykisk helse skal nemleg gjere ei endring. På grunn av dette begynner du med Første steg - endring. Du kan så velje fritt kva ditt neste steg er. 

Om du synst det er vanskeleg å bestemme kva for ei rekkefølge du skal velje finn du ein brukarrettleiing inne i programmet. 

Last updated 2/6/2024