We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Kven er Psyken laga for?

A group of people in clothing
Alle menneske er ulike.

Psyken er laga for deg som opplever psykiske plagar, og ønsker å lære korleis du kan meistre plagane dine. 

Innholdet er skrive for å vere nyttig for dei fleste vanlege psykiske plagar. Her er nokre eksempel:

  • Du synst det er vanskeleg å komme i gang med endringar, og halde på dei
  • Du slit med plagsame tankar, og vil lære korleis du kan forhalde deg til tankar på ein nyttig måte
  • Du synst det er vanskeleg med følelsar, og vil lære korleis du kan handtere og forhalde deg til følelsane dine
  • Du opplever kroppslege plagar, og vil lære korleis psykiske plagar påverkar kroppen, og korleis du kan forhalde deg til kroppslege plagar som smerte og sjukdom.
  • Du synst det er vanskeleg å gjere dei aktivitetane du ønsker, og vil lære korleis du kan overkomme hindre for å bygge mening og få nye erfaringer. 

Kven passar ikkje Psyken for?

Psyken er laga for å vere nyttig for alle, men om du opplever alvorlege psykiske lidingar, sjølvmordstankar, traume eller store vanskar med relasjonane dine, anbefaler vi at du tar kontakt med fastlegen din. 

Last updated 2/6/2024