Rammeverket for samfunnsansvar
Samfunnsansvaret handlar om korleis spesialisthelsetenesta løyser samfunnsoppdrag sitt i samspel med andre, og korleis verksemda vår påverkar menneske, miljø og samfunn. Vi forvaltar store ressursar på vegne av fellesskapet, og er forplikta til å forvalte desse på ein berekraftig måte.
Formålet med rammeverket for samfunnsansvar er å klargjere rammene og føringane for korleis spesialisthelsetenesta skal arbeide med samfunnsansvar.
Rammeverket for samfunnsansvar gjeld for dei regionale helseføretaka og helseføretaka i Helse Nord, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Sør-Øst, og felleseigde helseføretak.
Arbeidet med samfunnsansvar skal inngå som del av verksemdstyringa i dei regionale helseføretaka og i helseføretaka. Administrerande direktør skal innrette verksemda slik at føringar og krav knytte til samfunnsansvaret blir oppfylte.
Styra har det overordna ansvaret for å sjå til at verksemdene oppfyller gjeldande føringar og krav til samfunnsansvar. Dei regionale helseføretaka skal leggje til rette for regional og nasjonal samordning og koordinering av arbeidet med samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta.
Den årlege utgreiinga er lagd med utgangspunkt i rammeverk for samfunnsansvar i spesialisthelsetenesta, som gjeld for alle sjukehusa i Noreg.
Overordna er det av betyding at Helse Bergen er ein aktør som tek dette samfunnsansvaret på alvor, og arbeider systematisk med å kartleggje og redusere dei negative konsekvensane som følgjer i kjølvatnet av å drive ei stor sjukehusverksemd.
Vi skal og vere open når det gjeld å synleggjere kva vi har av negativ påverknad på våre omgjevnadar, og kva vi gjer av grep for å forhindre og redusere skadane. Det gjer vi mellom anna gjennom å offentleggjere Utgreiing om samfunnsansvar i Helse Bergen.pdf