Her skal det produserast celler til bruk i klinisk behandling
Helse Bergen har fått sitt eige reinromslaboratorium for celleproduksjon. Ex-vivo er endeleg opna.
Published 12/9/2022
Last updated 9/4/2024
Det var stort oppmøte då styreleiar i Helse Bergen, Terje Breivik, klippa snoren for det nye og avanserte laboratoriet.
- Som styreleiar i Helse Bergen er det stort og veldig gjevt å få ynskje velkommen til ei så viktig hending, og ikkje minst eit så viktig samarbeidstiltak, sa Breivik før han erklærte laboratoriet for opna.
Frå det i 2015 vart bestemt at laboratoriet skulle opnast, har det vore ein lang og komplisert veg til mål. Pandemien gjorde også vegen lenger, og kostnadane som var tenkt til 25 millionar endte med det dobbelte.
Administrerande direktør Eivind Hansen takka alle som har bidratt til å realisere planane, og ynskte lukke til med å skape innhald i, og drifte dei nye fasilitetane.
- Alt for å utvikle betre behandling for betre og lengre liv, sa Hansen før han overrekte ei diger skål twist til avdelingsssjef ved Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Einar Klæboe Kristoffersen.
- Eg gler meg til vi får produsere mange fine og gode celler til pasientane våre, smilte Kristoffersen.
Ex-vivo fasiliteten (EVF) er eit reinromslaboratorium for celleproduksjon og framstilling av celleprodukt til pasientbehandling, og er knytt opp mot
Mohn forskningssenter for regenerativ medisin.
Her skal det forhåpentlegvis utviklast nye behandlingar innan celleterapi for å reparere eller erstatte vev eller celler som er skadd av sjukdom eller ulykke. Det kan vere å regenerere beinvev som er nekrotisk, erstatte døde celler i auget, eller erstatte vev i samband- med/knytt til brannskadar.
Dette krev reinhald på eit heilt spesielt nivå.
Styrelejar Terje Breivik og administrerande direktør Eivind Hansen, fekk noko spesielle instruksar før dei fekk kome på besøk i laboratoriet på opningsdagen.
Ikledd kvite drakter, og med lovnadar om at dei ikkje hadde bakt gjærbakst dei siste to dagane, fekk dei lov til å entre det nye reinrommet.
1. Seksjon for celleterapi, som har eksistert i fleire år, og som frys ned og tinar opp stamceller utan dyrking eller manipulasjon.
2. Seksjon for cellebaserte medisinske produkt, der celler (i hovudsak stamceller) blir dyrka før dei blir gitt tilbake til ein pasient.