We recommend that you upgrade to the latest version of your browser.

Haukeland skal sikre at blodbankane i Noreg kan produsere eigen tørka blodplasma

No skal blodbankane i Noreg få tilbod om ei løysing for betre tilgang på eit livreddande produkt. Haukeland universitetssjukehus og Norsk Frysetørking AS inngår samarbeid om å utvikle teknologi som kan gjere det mogleg å produsere tørka blodplasma.

Grethe Borvik Holmstrøm
Published 10/31/2023
Last updated 9/4/2024
En hånd holder en pose med blodplasma

Foto: Helse Bergen

Haukeland universitetssjukehus skal samarbeide med Norsk Frysetørking AS om å utvikle ny teknologi som både skal gjere det mogleg for blodbankene i Noreg å produsere tørka blodplasma, og gjere det enklare å ta i bruk det tørka plasmaet.   

Three people in white coats holds a bag with blood plasma

Foto: Helse Bergen

Prosjektleiar Torunn Oveland Apelseth introduserar Tor Garshol (tv) og Oddvar Bjordal (th) fra Norsk Frysetørking AS nokre av dei ferske produktane Blodbanken har på lager.

– Blodbankene står i etterkant fritt til å velje om dei ønsker å ta i bruk løysinga, men målet er sjølvsagd at løysinga blir så bra at dei ønsker nettopp dette, seier prosjektleiar Torunn  Oveland Apelseth ved Haukeland universitetssjukehus. 

Kva er tørka blodplasma – og kvifor treng vi det? 

Blodplasma nyttast for å stanse store blødingar. Blodplasma som vert nytta til behandling av pasientar i Noreg, blir i dag importert og lagra frosen i blodbankane. Å tine frosen plasma kan ta inntil 30 minutt, noko som gjer tilgangen på blodplasma vanskeleg utanfor sjukehus. Blodplasma har også kort haldbarheit etter tining.  

 

Fakta om tørka blodplasma

​Tørka blodplasma er blodplasma der vatnet er fjerna (dehydratisert). Plasmapulver blir løyst opp i sterilt vatn like før bruk. Innan få minutt er plasmaet klart til blodoverføring.

Tørka plasma blir lagra i romtemperatur eller i kjøleskap og haldbarheiten er lang, opptil 2-3 år. Dette gjer at ein kan lagre blodplasma også utanfor sjukehusa, for eksempel på legevakt eller i ambulansar, og starte behandlinga tidleg for å redde liv.​

 

- Vi må ha eit produkt som kan bli nytta straks og som kan bli lagra i normal romtemperatur, for å sikre lik tilgang på blodplasma til alle pasientar, uavhengig av kvar i landet ein bur og i kva nivå av helsetenesta ein blir behandla, seier Apelseth.

Denne utfordringa kan bli løyst ved å nytte tørka blodplasma. Produktet finst allereie på marknaden, men etterspurnaden etter tørka plasma er svært høg internasjonalt. Derfor oppstår det ofte leveringsproblem av produktet. Vi har derfor eit ønske om å etablere teknologi for eigen produksjon lokalt i blodbankane, slik at Noreg kan bli sjølvforsynt med tørka blodplasma. 

Les meir om prosjektet​

​Innovasjonspartnarskap  ​

Haukeland universitetssjukehus brukar innovasjonspartnarskap i denne anskaffinga. Denne ordninga skal gjere det lettare for det offentlege og næringslivet å samarbeide om å utvikle ny teknologi og nye løysingar. Helse Bergen har fått 15 millionar til å utvikle løysinga, 13,5 millionar går til leverandør som utviklingsmidlar. Innovasjonen er finansiert med midlar frå Innovasjon Norge og blir  gjennomført med bistand frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) og Leverandørutviklingsprogrammet (LUP). LUP har også vore til hjelp i behovsfasen, og med å komme i kontakt med og kople leverandørar saman.

Målet med partnarskapet er å utvikle teknologi som gjer det mogleg å dekke etterspurnad og beredskap av tørka blodplasma ved alle sjukehus, i kommunehelsetenesta, i ambulansetenesta, ved militære operasjonar og redningstenester. Gjennom samarbeid med ein kommersiell partnar er målet å utvikla ein teknologi for lokal produksjon. 

A group of people wearing white lab coats
Oddvar Bjordal og Tor Garshol (Norsk Frysetørking AS), Torunn Oveland Apelseth (Norsk koordineringssenter for blodberedskap), Anne Øvrebø (Innovasjon Norge), Lars og Elen Garshol (Norsk Frysetørking AS)

Fire leverandørar frå heilt ulike bransjar kvalifiserte seg til å levere inn tilbod. Norsk Frysetørking AS stod til slutt igjen som vinnaren. Haukeland universitetssjukehus skal no bruke to år på å utvikle innovative løysingar saman med Norsk Frysetørking AS.  

- Vi har lang erfaring med frysetørking av næringsmidlar og dyrefor, og mykje av denne erfaringa kan vi overføra til tørking av blodplasma. Løysinga vår er ny, og vi har allereie tatt ut det første patentet. Norsk Frysetørking er leiande innan frysetørketeknologi i Noreg, men innovasjonspartnarskapet med Haukeland gir oss ei unik moglegheit  til å utvikle ei ny løysing for eit produkt som det er stort behov for både nasjonalt og internasjonalt, seier Tor Garshol, dagleg leiar i Norsk Frysetørking as 

Kontaktpersonar:  

Torunn Oveland Apelseth, 
Prosjektleiar og leiar for Norsk koordineringssenter for blodberedskap (Nokblod),   
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin,  
Haukeland universitetssjukehus 
Tlf: 55972492 / 94842045 
E-post: torunn.oveland.apelseth@helse-bergen.no   ​

Tor Garshol 
Dagleg leiar Norsk Frysetørking AS 
Tlf: 91347837 
E-post: tor@frysetorking.no