Utvekslingsmoglegheiter
Haukeland Universitetssjukehus (HUS) samarbeider med faste partnarsjukehus i Sør der tilsette frå HUS kan hospitere i ein kortare eller lengre periode.
Avdeling for Internasjonalt samarbeid (AIS) koordinerer det internasjonale samarbeidet på HUS og om lag 30 avdelingar og einingar er involvert. Mellom 10-20 tilsette er til ein kvar tid på hospitering på eit av partnarsjukehusa våre ute i verda. AIS er administrativt ansvarleg for prosjekta mens dei kliniske avdelingane har det faglege ansvaret.
Dei involverte avdelingane har spissa fokuset sitt slik at dei kun har prosjekt ved eitt av partnarsjukehusa. For å kunne delta i prosjekta må du vere tilsett ved HUS og innsatsen/utvekslinga må vere knytt til dei eksisterande prosjekta ved våre faste samarbeidssjukehus.
Kven kan hospitere på HUS sine samarbeidsinstitusjonar i Sør?
- Sjukepleiarar og legar i spesialisering kan hospitere ved eit av samarbeidssjukehusa våre som ein del av spesialiseringen si
- Overlegar kan bruke OL-permisjonen til å hospitere ute
- Fysioterapeutar, teknikarar, sjukepleiarar og legar som arbeidar på HUS
- Internt utlyste stillingar i Norec-prosjekta (utlyses kvar vår)
For spørsmål om utvekslingsmoglegheiter kan du ta kontakt enten med din avdelingsleiar, AIS eller kontaktpersonen i prosjektet du er interessert i.
HUS sine samarbeidsinstitusjonar
Last updated 8/29/2023