-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Leger i spesialisering - LIS
Fødselshjelp og kvinnesjukdommar (Voss)
Utdanning i spesialiteten Fødselshjelp og kvinnesjukdommar (Voss).
Gyn- og fødeavdelinga på Voss Sjukehus disponerer 12 senger i ei kombinert føde / barsel og gynekologisk avdeling. 2 av sengene er reservert gynekologiske / kirurgiske pasientar.
Fødeavdelinga har kring 450 fødslar årleg. Vi samarbeidar tett med Kvinneklinikken i Bergen, og fylgjer nasjonale retningslingjer når det gjeld seleksjon av pasientgrupper. Vi har obstetrisk poliklinikk med kring 400 konsultasjonar årleg for oppfylgjing av risikosvangerskap.
Gynekologisk del av drifta inkluderar kring 3000 polikliniske konsultasjonar, 200 døgnopphald og 500 dagbehandlingar.
Vi driv elektiv operativ verksemd med 3-4 operasjonsstover pr veke. Utover pasientar frå eige sjukehusdisktrikt får vi i samarbeid med Kvinneklinikken i Bergen overført både operasjonspasientar og polikliniske pasientar til Voss sjukehus. Dette for å utnytta kapasiteten i Helse Bergen best mogeleg, og for å oppretthalda eit utfordrande faglig miljø og godt volum hjå oss.
Voss gyn / fødeavdeling har i samarbeid med Kvinneklinikken og Barneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus utarbeida eigne samarbeidsavtalar som vert reviderte og oppdaterte jamnleg.
Det er 5 spesialistar i Fødselshjelp og kvinnesjukdomar i avdelinga. Dei går i snitt i ein 5-delt turnus med heimevakt på kveld og natt. Vi har ein LIS3. LIS har forvakt på dagtid alle vekedagar, og er forvakt ein kveld/natt pr veke. Det er ikkje barnelege på sjukehuset.
Sjukehuset har døgnberedskap for akutt kirurgi.
LIS3 innanfor Fødselshjelp og kvinnesjudomar vil få ei brei og grunnleggjande erfaring i fagfeltet på Voss sjukehus. Me er ei lita avdeling, og vil ha ein utdanningplan som gjev god progresjon innanfor både generell gynekologi og obstetrikk parallellt, istaden for gjennom rotasjonar som er vanleg på større avdelingar. LIS går alltid med vakttelefon som forvakt på dagtid og vert involvert i alle akutte obstetriske eller gynekologiske hendingar i avdelinga samman med erfaren gynekolog. LIS er med på morgonmøte/visitt på Føden kvar dag, og visitt på evt inneliggjande gynekologiske pasientar. LIS vil i tillegg under supervisjon ha gynekologisk og obstetrisk poliklinkk, samt vere med erfaren ultralyd jordmor for systematisk opplæring i obstetrisk ultralyd /screening. LIS er med på gynekologiske operasjonar og planlagte keisersnitt, og vil ha 2 operasjonsdagar i veka gjennom heile utdanningsløpet her.
For å få nok erfaring med obstertrikk, gynekologiske kreftsjudomar og sjeldne tilstandar innanfor generell gynekologi, vil utdanningskandidaten trengja tjeneste ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus. I samråd med RegUT si tilråding estimerar vi at det vil ta 24 mndr der for å oppnå dei læringsmåla som ein ikkje kan oppnå ved eigen læringsarena. I den tida vil hovudfokus væra på tjeneste ved obstetrisk avdeling, gynekologisk kreftavdeling samt ved UL laboratoriet. Dei kirurgiske læringsmåla kan oppnås ved kirurgisk tjeneste i 6 til 12 månadar på eige sjukehus. Til saman vil dette utdanningsløpet dekkje alle læringsmål ved spesialiseringa innanfor Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar.
Nytilsett LIS vil motta avdelinga sin utdanningsplan, oversikt over introduksjonsperioden, lenker til obligatoriske e-kurs for nytilsette og dessutan nyttige lenker til kurskatalog og kompetanseportal.
Ny LIS får tildelt ein rettleiar fyrste veka etter tilsetjing. LIS vil fra 1.mai 2019 få tildelt ein individuell utdanningsplan i kompetanseportalen.
Vidare vil introduksjonsperioden tilpassast individuelt til LIS sin erfaring med faget. Som eit utgangspunkt er fokus dei fyrste fire vekene å bli kjent med avdelinga sine rutiner og å få kjennskap til det normale fødselsforløpet. LIS vil dels fylgja erfaren jordmor med kvinner i fødsel og dels fylgja overlege på poliklinikk og operasjon.
Avdelingsoverlege tildeler legen ein utdanningsplan for spesialiteten i Kompetanseportalen. Det vert forventa at LIS set seg inn i denne, og i avdelinga sin generelle utdanningsplan.
Ein rettleiar vert tildelt LIS fyrste veka etter tilsetjing. Rettleiar og LIS skal ha ein introduksjonssamtale innan dei to fyrste vekene. Rettleiar og LIS skal heretter ha strukturerte rettleiingssamtaler 10 gonger pr år. Rettleiingssamtalane skal registrerast i Kompetanseportalen. Det er både LIS og rettleiar sitt ansvar at dette vert gjort. Alle rettleiiarar skal gjennomgå eit formelt 2-dagers rettleiarkurs, arrangert av Helseforetaket.
LIS får dagleg supervisjon, dette er eit definert ansvar for vakthavande overlege.
LIS har avsatt 4t/veke i arbeidsplanen til fordjupning. Fordjupninga avviklast innanfor vanlig dagarbeidstid.
LIS fører sjølv inn sine oppnådde/gjennomførte læringsaktivitetar i kompetanseportalen og sender dei til godkjenning til overlege, rettleiar eller avdelingsoverlege. LIS har og ein del læringsaktivitetar som vert godkjent ved sjølvevaluering. Mange prosedyrar kan signerast i blokk.
Den teoretiske undervisninga i avdelinga består av ulike fora:
- Internundervisning 45 min/veke.
Dette vert organisert av avdelingsoverlege i samarbeid med avdelingsjordmor. Det blir sett opp ein halvårlig plan for den teoretiske undervisninga der ein systematisk knytter tema opp mot dei ulike læringsmåla for LIS3 i Fødselshjelp og kvinnesjukdommar. - Deltaking på digital undervisning om fosteråvervåkning sammen med øvrige legar ved fødeavdelingar i Helse Bergen 30 min /veke.
- Muligheit til å delta på digital undervisning frå Kvinneklinikken i Bergen 45 min kvar 2. veke
- Undervisning med barnelege 10 x 45 min/år.
- Undervsining med jordmødre (fagdag) inntil 1 dag pr halvår (LIS deltek der det er relevante tema)
LIS har rett til utdanningspermisjon med løn til 5 kursdagar per halvår, og sjukehuset betaler kursavgift. Legeforeninga betaler reise og opphald (minus eigenandel). Dersom det er rom for, og ynskje om ytterlegare utdanningspermisjon kan dette avtalast med avdelingsoverlege.
Det skal opprettast felles grupperettleiing for alle LIS2/3 ved Voss sjukehus i regi av utdanningsansvarleg overlege. Denne rettleiinga vil ha fokus på FKM.
Utdanningsansvarleg overlege ved Voss sjukehus har det overordna ansvaret for alle LIS på heile Voss sjukehus, og er hovudansvarleg for å tilretteleggja for måloppnåing innanfor FKM.
På Føde- og Gynavdelinga er det ein eigen utdanningsansvarleg overlege som har ansvar for å utarbeida individuelle utdanningsplanar og å tilretteleggje for måloppnåing innanfor dei fagspesifikke læringsmåla.
For tida er det ikkje nokon overlegar med doktorgradskompetanse ved avdelinga, men ein overlege med utdanning innanfor kvalitesforbetringsarbeide og fleire med erfaring med forskning.
LIS vert tett involvert i kvalitetsforbetringarbeidet i avdelinga og får ansvar for eit eige prosjekt. Vi oppfordrer også til forskning. For å gje grunnleggande kunnskap og legge til rette for dette, vil LIS to gonger i året væra med på kollokvier saman med LIS2/3 frå andre avdelinger og leia av overlege med doktorgradskompetanse. Fokus her er planlegging og gjennomføring av studier / forskningsprotokoller.
Ved tilsetjing vil det verta utarbeida ein individuell utdanningsplan for LIS som viser kva LIS skal gjennomføra (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kvar i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen vert utarbeida av LIS i samarbeid med rettleiar og evt. utdanningsansvarleg overlege. Planen skal godkjennast av leiar.
Avdelinga har D-boks, og LIS skal fylgja eit systematisk program for trening og godkjenning av ferdigheiter i laparoskopi etter mønster foreslått av «Boksen går» kampanjen til FUGO.
Med utgangspunkt i programmet «trygge hender» får LIS også regelbunden «hands on» undervisning i praktisk fødselshjelp på simuleringsmodell og gjennom digitalt undervisningsmateriell.
Ettersom det ikkje er barneavdeling på Voss må både overlege og LIS også få kunnskap, opplæring og trening i akutt nyfødtmedisin, samt relevante pediatriske problemstillingar. Det er laga eit systematisk undervsiningsopplegg for avdelinga i samarbeid med barnelege frå BKB, og det vil leggjast til rette for at LIS får delta på alle treningar (scenario/sirkeltrening) og undervsining når barnelege eller utdanna fasilitator er tilstades. LIS har til liks med overlege mogelegheit for hospitering ved BKB, og vil få utdanningpermisjon med løn inntil 5 dagar pr år for dette.
Voss Sjukehus har ein tillitsvald LIS (YLF representant) samt vara. Desse vert inkludert i utarbeiding av arbeidsplanar mm ved sjukehuset. Tillitsvalde får reise på nødvendige kurs for å ivareta funksjonen sin.
For spørsmål kring spesialistutdanninga, ta kontakt med Avdelingsoverlege ved Føde- og Gyn avdelinga ved Voss sjukehus.