Søknad om eBehandling
Direkte kontakt utan tilvising
Du som bur i Bergensområdet kan ta direkte kontakt med eBehandling, utan tilvising. Dette gjer du ved å logge deg inn på helsenorge.no og fylle ut ein søknad til oss. Solli DPS har eige eBehandlingstilbud for panikkliding, sosial angst og depresjon. Bur du i kommunane Bjørnafjorden, Samnanger, Austevoll eller Fana bydel i Bergen, må du be fastlegen din om tilvising til Solli DPS.
Tilbodet om å ta direkte kontakt med eBehandling utan tilvising for panikkliding, sosial angst og depresjon finst også ved Helse Fonna, Helse Førde, Helse Stavanger og Nidaros DPS. Følg lenkane under for å få meir informasjon om rutinane for dette ved din lokale klinikk.
Dersom du allereie er i behandling i ein poliklinikk ved ditt lokale DPS ynskjer vi at du drøftar tilvising til eBehandling med din behandlar der og søker i samarbeid med han eller ho.
Dersom du ikkje er i pågåande behandling for psykiske vanskar kan du også ta kontakt med fastlegen din og be om tilvising til oss. Andre legar eller psykologar kan også tilvise til eBehandling.
Før du søker om eBehandling anbefalar vi deg å lese første kapittel i behandlingsprogramma. Desse er tilgjengeleg for alle, og du finn dei via linken Behandlingsprogramma.
Behandlingsprogramma våre for panikklidling, sosial angst og depresjon har 8 kapittel.