Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Sikkerheit

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eBehandlingsprogramma nyttar vi det høgaste sikkerheitsnivået vi har i Noreg.

Glasklokke over kvinne i sofa med laptop på fanget, smarttelefon, kaffi på bordet.

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eBehandlingsprogramma nyttar både pasient og behandlar IDporten, med sikkerheitsnivå 4, for å logge seg på. Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Noreg i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eBehandlingsprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID, Buypass eller Commfides.

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID.

MERK! Ikkje del BankID, sjølv ikkje med familiemedlemmer eller andre du stolar på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.

Har du spørsmål om sikkerheit eller anna tilknytta eBehandlingsprogramma ta kontakt med oss på telefon 56 34 32 50.

Sist oppdatert 11.04.2024