Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP) undersøker korleis psykologisk behandling fører til endring i hjernen, samt korleis ny kunnskap om hjernen, genetikk, og epigenetikk kan bidra til å forklare kvifor nokon pasientar ikkje har nytte av dagens behandling.
Rekrutteringsprogrammet er aktuelt for studentar ved profesjonsutdanninga i psykologi ved UiB som hausten 2022 har B-kull. Praksisprogram over 4 år parallelt med studiet. Totalt 12 studentar.
Informasjonsmøte
Digitalt informasjonsmøte for alle interesserte onsdag 26. januar kl. 12.30
Søknadsfrist
Søknadsfrist 1. februar 2022
Søknadsskjema for rekrutteringsprogram Bergen Center for Brain Plasticity
Meir informasjon om rekrutteringsprogrammet (PDF)
Kontakt
Målet og omfanget av programmet
I samarbeid med Bergen Center for Brain Plasticity ønsker vi å tilby ein unik læringsarena innan klinisk psykologi basert på ei forskar-utøvar-tilnærming til opplæring og utvikling av kliniske ferdigheiter og banebrytande forsking i konsentrerte behandlingsformat.
Tidleg i 2021 rekrutterte vi 6 studentar til eit fireårig stipendprogram med oppstart august 2021, etterfulgt av eit nytt årskull i august 2022. Totalt ønsker vi at 12 studentar rekrutterast frå profesjonsstudiet i psykologi ved UiB til dette programmet.
Studentane vil få moglegheiten til å jobbe deltid over fleire semester med klinisk opplæring, utdanning og forsking rettleia av personalet frå Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP). Det vil i tillegg også vere tilgjengelege middel til reiser, konferansar og arbeidsgruppemøte med forskarar og samarbeidsinstitusjonar.
Programmet er leia av professor Bjarne Hansen ved SFK og Klinikk for 4-dagars behandling, professor Gerd Kvale, BCBP, forskar Anders L. Thorsen SFK/BCBP og professor Jarle Eid, SFK. Meir informasjon om programmet frå finn du her
Ny oppdatert plan for hausten 2022 følger om kort tid.
Opplæring og arbeidsoppgåver
Vi tilbyr:
- Opplæring i konsentrert eksponeringsterapi i verdsklasse
- Moglegheiten til å bidra i spanande forskingsprosjekt
- Kontakt med samarbeidande klinikkar og forskingsmiljø i Noreg og utlandet
- Kunne publisere ein eller fleire vitenskapelege artiklar i løpet av studiet
- Ta del i utdanning, forskaropplæring og bidra til utviklinga av BCBP
Arbeidsoppgåver:
- Bidra i psykologisk behandling under rettleiing av erfarne behandlarar
- Følge pasientar i studier, samle inn og analysere data
- Kvalitetssikre kliniske og biologiske data, inkludert bilde frå MR-skannarar
- Arbeide med eige klinikknært forskingsprosjekt
Programoversikt
Inntil 12 studentar vil motta stipend over 8 semester, inkludert reiser for å delta på ein internasjonal konferanse
Ofte stilte spørsmål
Om ein blir tatt opp til rekrutteringsprogrammet, er det framleis moglegg å reise på utveksling i 7. semester?
Vi har ikkje vurdert dette konkret, men det er fleksibilitet i programmet og vi har eit internasjonalt fokus.
Veit de sånn ca. når ein vil få svar på om ein er tatt opp eller ikkje til rekrutteringsprogrammet?
Vi ønsker å ha lest og gjerne snakket med dei aktuelle i løpet av februar.
Kva slags informasjon er de ute etter på CV-en til rekruteringsprogrammet? F. eks. er det relevant med referansar?
Ikkje eit krav, men ta det gjerne med.
Kan de sei litt om moglegheitene for å reise på internasjonale konferansar? Vil det vere eit tilbod for alle studentane som blir tatt med i programmet?
Ja, det er sett av middel til dette. Studentar kan også søke støtte frå f. eks. Meltzerfondet til reiser.
Hei, kan de sei noko meir om omfanget av arbeid etter første semester? Kva oppgåver og kor mykje tid det er forventa å leggje ned i dette på sida av studiene?
Det vil vere tilpassa studentprogresjon. Ca. 1 dag i veka er gjennomsnittleg arbeidsomfang, men ikkje nødvendigvis ein fast dag. Stor grad av fleksibilitet. Rekrutteringsprogrammet er ein invitasjon til å utforske både klinikk og forsking ved sida av studiet. Vi vil leggje konsentrerte aktivitetar gjerne utanom dei travlaste studie/eksamensperiodane.
Studentane sine eigne erfaringar
Studentane frå kullet hausten 2021 deler sine erfaringar med programmet - les meir om dette på nettsidene til Universitetet i Bergen