Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

4-dagers behandling

Bergen 4 day treatment (B4DT) er ein praktisk, evidensbasert og fokusert eksponeringsbasert behandling. Den byggjer på fire tiår med empirisk forsking og teoriar om den mest effektive tilnærminga til OCD-behandling. Innovasjonen og styrken i arbeidet er korleis den kombinerer dei mest effektive elementa i evidensbasert behandling til ein av dei mest djuptgåande, effektive og robuste behandlingsmetodane som vi har sett dei siste årene.


Fyrtårn


Kven kan få B4DT?

I Noreg kan du få B4DT dersom du har rett til norsk offentlig psykisk helsevern og bur i opptaksområdet for et av B4DT-teamene. Det finnes ca 35 B4DT-team i Norge, Island, Sverige, som alle har gjennomgått opplæring av 4-dagers teamet frå Bergen. Våren 2019 starta opplæringa av teamet ved Houston-klinikken, som skal fungere som eit internasjonalt treningsstad, både for klinikkar i USA så vel som for klinikkar over heile verda. For ei oppdatert liste over godkjende team, sjå denne sida (vil bli lagt til).


Hovudkomponentane i B4DT: Førebuing - Endring - Vedlikehald


B4DT er ein konsentrert eksponeringsbasert behandling over fire påfølgande dagar. Behandlinga foregår i grupper på 3-6 pasientar med like mange terapeutar tilstade, og kan best beskrivast som individuell behandling i gruppeformat. Eit slikt 1:1-forhold mellom terapeut og pasient sikrar individuelt tilpassa og terapeutassistert eksponeringsbehandling. Samtidig er det fordelaktig for pasient å være saman med andre som går i gjennom den same endringsprosessen.

Før behandlinga startar er pasientane grundig informert og forberedt på behandlinga, og har tatt slutninga om å vie fire heile dagar til å jobbe mot endring. 
Den første dagen er dedikert til psykoedukasjon og førebuing. Dei to påfølgande dagane fungerer som éi behandlings økt, kun avbrote av nattesøvn. Dette vil sikre at terapeuten har nok tid til å hjelpe pasienten i eit OCD-triggande miljø, samt bevisstgjere pasient på alle dei små bestemmelsane dei må ta når dei blir freista til å utføre 
unngåelsestrategier eller mentale/openbare ritual for å redusere angst og ubehag. Disse mikrovala blir sett på som gylne muligheiter til å ta val som ikkje er forenlige med å ha ein OCD diagnose. 
På ettermiddagen den tredje dagen blir familie og venner invitert til eit foredrag om korleis dei best kan tilby hjelp og støtte. Dette kan også gjerast på Skype. 
Fjerde og siste dag er satt av til å forberede pasient på dei komande tre vekene, der fokuset er å integrere endring inn i den normale kvardagen. I løpet av disse vekene rapporterer pasienten daglig om framdrift på nettet. 

Etter ei veke, blir pasientane kontakta av ein B4DT-terapeut og det blir gjennomført ein telefonkonsultasjon med fokus på å oppretthalde endringa. Dette blir gjentatt etter tre månader, og då blir også pasientane invitert til ein konsultasjon med sitt lokale B4DT-team. 

Kva synes pasientane om B4DT?

B4DT er eit ettertrakta behandlingsformat. Fråfallet er mindre enn 1% (1-3), noko som tydeleg skil seg frå vanlege OCD behandlingar, der omtrent 15% av pasientane takkar nei til deltaking og 15% droppar ut undervegs (4). 

Pasientane oppgjev høg til veldig høg tilfredsheit med behandlinga når det gjeld innhald, kvalitet og mengde behandling, og fleire enn 95% oppgjev at dei vil anbefale B4DT til ein venn. Dei fire dagane blir typisk beskrivne som hardt, men livsendrande arbeid. 

B4DT: Utfall


Heilt i frå start har Gerd og Bjarne sørga for uavhengig resultatvurdering, kor resultata viser forbetring hos fleire enn 90% av pasientane, mens 68% har (remitted?) ved 12 månaders oppfølging (artikkel). Vidare har 69% (recovered?) ved 4-års oppfølging (artikkel). 
Det er viktig å merke seg at verken OCD-alvorlighetsgrad, antal ko-morbide forstyrringar, indikasjon på personlegheitsforstyrring eller tilstadeværelse av søvnforstyrring kan forutsei behandlingsutfall (1-3). 

B4DT er like nyttig for barn og unge (artikkel). På dette tidspunkt har omtrent 1200 pasientar motteke B4DT.

I Noreg har OCD-pasientar rett til behandling ved eit av dei 30 spesialiserte OCD-teamene, og B4DT er no en del av dette systemet. Kun dersom en pasient er suicidal, misbruker medisinar aktivt, opplever psykose, er i den maniske fasen av bipolar lidelse, eller har en aktiv spiseforstyrrelse, blir behandling utsett til disse problema er stabilisert.

Korleis få unna ei venteliste på 100 pasientar på to veker?

Utviklinga av B4DT har bidratt til å skape unike muligheiter og tilbod innan mental helsehjelp. Tidlig i 2017 blei B4DT implementert i Oslo der Angst- og OCD-klinikken ved Universitetet i Oslo hadde rundt 100 pasientar på venteliste. Gitt klinikkens normale bemanningspraksis, ville det ha tatt 18 månader å behandle disse pasientane. Gerd og Bjarne foreslo derimot at dei skulle få unna ventelista i løpet av to 4-dagers intervensjonar. Totalt 90 pasientar med OCD blei behandla i løpet av to 4-dagersperiodar, og ventelista blei dermed effektivt eliminert på en ny og kreativ måte. Ved tre månader oppfølginga hadde 84% av pasientane oppnådd klinisk relevant endring, og 68% var i remisjon (artikkel).



Sist oppdatert 13.10.2022