Du blir spent fast på ein undersøkingsbenk med fotbrett. Ved å presse på sida av halsen nokre sekund kan legen undersøke om refleksbana herifra til puls og blodtrykk er i orden.
Vi svinger benken opp, slik at hovudet ditt er høgt og beina lågt, til 60-80 % vinkel i 10-45 minutt. Normalt vil pulsen auke lett medan blodtrykket held seg stabilt. Dersom blodtrykksreguleringa sviktar vil blodtrykket synke, og det er då oftast svært langsam puls. Du kan bli svimmel eller svime av, men vil kome deg raskt når benken blir lagt ned igjen. Dersom det ikkje er utslag på testen, kan den gjentakast i 10 minutt med provokasjon, du vil då få ein nitroglyseringtablett under tunga.
Detaljene i oppsettet kan variere noko mellom sjukehusa.