Personalet du møter ved undersøkinga er sjukepleiar og lege.
Du får ligge på ein benk med fotbrett og som kan vippast til nesten ståande stilling. Ein sjukepleiar vil kople på deg EKG-elektrodar, og eit blodtrykksapparat. Det blir også lagt ei kanyle inn i ei blodåre. Du vil få remmer over anklar, knær og hofte slik at du står stødig på benken.
Det vil være stille og dempa belysning i rommet under testen. Dette er for å ha minst mogeleg stimuli som kan auke puls og blodtrykk.
Når testen startar vert benken svingt opp, slik at hovudet ditt er høgt og beina lågt. Dersom det ikkje er utslag på testen etter 20 minutt blir benken lagd ned, og du får du Nitrospray under tunga. Nitrosprayen utvider blodårane dine og kan framprovosere eit blodtrykksfall. Dersom det fortsatt ikkje er utslag etter ytterlegare 15 minutt blir benken senka og testen avslutta.
Testen vert avslutta tidligare dersom du svimer eller nesten svimer av. Testen blir avslutta også dersom vi ser at blodtrykket er svært lågt og over tid eller pulsen blir veldig låg.
Det er ubehagelig å svime av eller nesten svime av. Du vil kunne oppleve å blir svimmel, kvalm eller kaldsvett. Dette vil gå over når benken vert lagt ned. Ved behov gir vi deg litt ekstra væske intravenøst. Du er nøye overvåka og undersøkinga er heilt trygg.