Når du møter til timen blir du tatt imot av ein radiograf. Radiografen vil som regel starte med å ta mammografi av deg. Radiografen jobbar tett på deg, og legg klem på brystet ditt mellom to plater i nokre sekund. Ein pressar brystet saman for å få fram detaljer i blidene. Nokon synes dette er litt ubehageleg, men for dei aller fleste går det heilt fint.
Klinisk mammografi
Undersøkingar ved vår kliniske verksemd skjer kun etter tilvising frå lege.
Mammografi etter tilvising frå lege
Vi har tre hovedkategoriar av pasientar:
- Tilvisingar grunna nye forandringar i brysta. Dette kan vere forandringar pasienten har merka sjølv, eller som er oppdaga av lege.
- Kontrollundersøking av pasientar som tidlegare har gjennomgått behandling for brystkreft.
- Kontrollundersøking av kvinner som har auka risiko for brystkreft grunna mange brystkrefttilfelle i nær familie. Desse er kvinner som har blitt anbefalt regelmessig kontroll av Senter for medisinsk genetikk og molekylærmedisin.
I tillegg kjem dei kvinnene som er etterinnkalla frå mammografiscreening.
Alle tilvisingar til klinisk mammografi blir vurdert individuelt. Vi tar utgangspunkt i dei opplysningane som står på tilvisinga. Der det er stor mistanke om kreft blir ventetida kort, ofte kun få dagar.
Om det ikkje kjem fram opplysningar i tilvisinga som gjer at ein mistenker kreft, kan ventetida bli nokre veker. Andre omsyn som familiehistorie og alder kan også vektleggast ved vurdering av tilvising.
Tilvisingar kan bli avvist dersom det ikkje føreligg god nok grunn til å gjere undersøkinga med offentleg refusjon. Då kan privat helseteneste nyttast.
Innkalling til time
Etter at vi har mottatt ei tilvising, vil ein få tilsendt eit brev. Her vil det stå informasjon om time til undersøking, evt. informasjon om avvising av tilvisinga .
-
Før
Sett av god tid undersøkingsdagen. Det er vårt mål å få gjort alle nødvendige undersøkingar på same dag og dette kan ta inntil 2–3 timar.
-
Under
Undersøkinga inneber røntgenbilder og / eller ultralyd av brysta, eventuelt også ei klinisk undersøking. Nokre gongar er også celle- og / eller vevsprøve nødvendig. Dersom du har tatt prøve vil du få med deg opplysningar om korleis du vil motta svar på prøven.
-
Etter
Vi har eit tett samarbeid med Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi. Dersom vi oppdagar forandringar hos deg som treng behandling, vil du bli tilvist vidare til denne avdelinga. I nokre tilfelle vil du få ein samtale med ein sjukepleiar same dag som du er til undersøkinga.
Gå til
Klinisk mammografi
-
Oppmøte
- Dei som skal til klinisk mammografi etter tilvisning frå lege, skal til undersøking i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass.
Dersom ein er under 35 år startar vi oftast med ein ultralydundersøking av brystene.
Dersom du går i eit kontrollopplegg med regelmessige mammografi-undersøkingar er du ferdig etter at mammografi er tatt.
Ultralyd av bryst
Ultralydundersøking blir gjort for å stille ei diagnose og er i dei fleste tilfelle eit supplement til mammografi. Det er ei målretta undersøking i høve til tilvisingsårsak, som gjerne er ein kul i brystet, eller endringar som er sett ved mammografi. Unntaket er unge kvinner der det ofte berre blir gjort ultralyd.
-
Før
Undersøkinga krev inga førebuing.
-
Under
Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein benk.
Det vert nytta ein gele på huda for å lage god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet. Lydhovudet blir flytta over brystet medan ein tek ein serie av bilete.
Undersøkinga gjer ikkje vondt.
-
Etter
Dersom røntgenlegen finn at det ikkje er naudsynt med vidare undersøking, kan du reise heim.
Du får som regel vite resultatet av undersøkinga med røntgenlegen med ein gong undersøkinga er ferdig. Ved behov for prøvetaking vert dette som oftast utført same dag.
Dersom du er etterinnkalla etter screeningundersøking i det offentlege Mammografiprogrammet og ultralyd ikkje viser teikn til sjukdom, vil det bli sendt svar til fastlegen din med mindre det er gjort spesiell avtale om noko anna.
Dersom du er tilvist frå fastlege, vil det bli sendt svar til fastlegen i løpet av 1-2 veker.
Ver merksam
Undersøkinga gir ikkje risiko for komplikasjonar.
Gå til
Ultralyd av bryst
-
Oppmøte
- Dei som skal til klinisk mammografi etter tilvisning frå lege, skal til undersøking i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass.
Dersom du er tilvist av lege eller skal til vidare undersøkingar etter screening vil ein lege vurdere mammografi-bileta mens du ventar. Nokre gonger treng legen meir informasjon, og radiografen tek i så fall fleire mammografi-bileter av deg. Dette er heilt vanleg.
Etterpå utfører legen ein ultralydundersøking av brystet. Dersom det er behov for å ta ein vevsprøve eller celleprøve gjer vi dette som oftast same dag. Du får med eit informasjonsskriv med kontaktinformasjon dersom det vert tatt prøve. Om du har spørsmål kan du ringe og snakke med koordinator ved avdelinga.
Vevsprøve frå bryst
For å kunne stille ein sikker diagnose kan det vere naudsynt å ta ei vevsprøve av noko ein har funne med mammografi eller ultralyd av brysta. Prøvetakinga skjer vanlegvis ved hjelp av ultralyd slik at røntgenlegen kan vere sikker på at prøva vert teken frå rett stad. Prøvetaking kan også skje ved hjelp av røntgen. Ved prøvetakinga blir ei nål stukken gjennom huda til det aktuelle området.
-
Før
Undersøkinga krev ingen førebuing.
Unntak: Dersom du nyttar blodfortynnande medikament, kan det vere naudsynt å la vere å ta dette dei siste dagane før prøvetaking. Om dette gjeld deg vil informasjon om dette stå i innkallingsbrevet. Dette kan du også ta opp med tilvisande lege.
-
Under
Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein undersøkingsbenk. Røntgenlegen undersøker først brystet ditt med ultralyd og merkar av kvar ein skal ta vevsprøva. Huda over det aktuelle området blir reingjort med desinfeksjonsmiddel og det blir som oftast gitt lokalbedøving. Deretter vert ei eller fleire nåleprøver tekne med ultralydrettleing, noko som gjer at ein heile tida kan sjå kvar nåla er.
Sjølve prøvetakinga er vanlegvis ikkje smertefull.
Vi set eit plaster over området der røntgenlegen har teke prøvar. Plasteret skal sitje på i 2-3 dagar.
-
Etter
Etter at prøvetakinga er ferdig kan du reise heim.
Ver merksam
Det kan i enkelte tilfelle blø etter prøvetaking. Ei slik bløding kan du enkelt stoppe ved å trykke mot plasteret.
Det er svært sjeldan at det oppstår infeksjon i brystet etter prøvetaking, men dersom du skulle få teikn til dette så ta kontakt med fastlege eller legevakt.
Gå til
Vevsprøve frå bryst
-
Oppmøte
- Undersøkinga foregår i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass.