Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Operasjon ved anstrengingslekkasje

Urinlekkasje ved anstrengingar som hoste, nys, latter og fysisk aktivitet kjem oftast av svekking i urinblæras lukkemuskel og/eller i bindevevet som held urinrøyr og urinblære på plass. Formålet med å operere inn ein vaginalteip (TVT, TOT) er å stabilisere urinrøyret, slik at vi reduserer lekkasjen eller at han stansar. 80–90 prosent av kvinnene blir kvitt anstrengingslekkasjen etter operasjonen.

Lekker du urin når du nyser, ler eller trener, er stressinkontinens den mest sannsynlige årsaken. Det finnes flere behandlinger som kan hjelpe, som for eksempel enkle bekkenbunnøvelser.

Les meir på helsenorge.no

Av dei som har anstrengingslekkasje, viste ei finsk undersøking at 95 prosent av pasientane var fornøgde etter operasjonen.

Dersom ein har blandingslekkasje, det vil seie både anstrengings- og hastverkslekkasje, er resultata dårlegare på grunn av meir kompleks årsak.

Før

For kvinner etter overgangsalderen er det viktig å bruke østrogentilskot i skjeden (for eksempel Vagifem, Gelisse eller Ovesterin) minimum to veker før operasjon dersom du elles ikkje bruker dette fast. Vi anbefaler å unngå barbering av underlivet dei siste to til tre vekene før inngrepet.

Under

Under inngrepet ligg du med beina opp som ved ei gynekologisk undersøking. Ein sjukepleiar sit ved hovudenden og passar på at du har det bra under inngrepet.

Operasjonen utfører vi i lokalbedøving, og du får i tillegg smertestillande intravenøst. Det er normalt at du kjenner berøring og moderat smerte under inngrepet.

Slimhinna i skjeden blir opna under urinrøyret, og vi lagar to små snittar nedst på magen din. Eit prolenbånd (syntetisk materiale) blir ført opp med ei nål på begge sider av urinrøyret bak symfysen. For å kontrollere at bandet sit rett, kikkar vi inn med eit lite kamera i urinblæra (cystoskop). Bandet blir stramma til du lekker berre ein drope ved hoste. Snitta i skjeden og nedst på magen blir sydd med tråd som forsvinn av seg sjølv.

Bandet blir ikkje sydd fast, men gror fast i vevet.

Etter

Du kan dra heim når du får til å tisse normalt, som oftast same dag. Vi kontrollerer resturin (kor mykje som er igjen i blæra etter at du har tissa) med ein blæreskannar. Dei fleste tissar langsamare etter inngrepet. For å førebygge urinvegsinfeksjon får du med Hiprex tablettar som du skal ta morgon og kveld i tre dagar, inkludert operasjonsdagen.

Inntil éi veke.

Det er vanleg å ha litt smerter dei første dagane etter operasjonen. Smertene kan du behandle med paracetamol 500 mg (Paracet, Pamol, Panodil, Pinex), to tablettar inntil fire gonger dagleg og ibuprofen 400 mg (Ibux, Ibumax, Ibumetin), éin tablett inntil fire gonger dagleg, og vi anbefaler at du kjøper inn dette på førehand. Gi oss beskjed dersom du ikkje toler desse medisinane, slik at vi kan planlegge smertelindring etter operasjonen.

Vi bruker tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan komme ut trådbitar frå skjeden i nokre veker etter operasjonen.

Det er vanleg å ha litt blødingar i nokre dagar til veker etter operasjonen, inntil såra gror.

Dersom det blir vanskeleg å tisse etter inngrepet, eller du har andre problem eller spørsmål, kan du kontakte oss på telefon.

Etter operasjonen kan du vere i normal fysisk aktivitet og du kan begynne å trene når du kjenner deg i form til det. Det er viktig at såret i skjeden får tid til å gro og det betyr at du bør unngå samleie, tampong og aktivitetar som sykling og spinning første månaden.

Vi ønsker at alle som blir opererte for TVT blir registrert i den anonyme nasjonale databasen NKIR (Norsk kvinneleg inkontinensregister). Du vil bli beden om å skrive under samtykke til dette. Er du med i registeret, vil du bli innkalla til ein frivillig kontroll innan eitt år og tre år etter inngrepet.

Ver merksam

Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar, oftast blodsamlingar, blodpropp eller infeksjon. I sjeldne tilfelle kan andre organ som tarm og urinblære bli skadde. Nokon svært få opplever at slimhinna i skjeden over bandet ikkje vil gro. Det kan ein sjeldan gong vere vanskeleg å stramme bandet rett, og det kan bli vanskeleg å tisse. Vi måler derfor resturin før du kan dra heim. Nokre få må lære å tømme blæra med kateter til tissinga kjem i gang. Dersom bandet er lagt for stramt, kan operatøren dagen etter inngrepet slakke bandet.

Generelt gjeld at dersom plagene etter operasjonen ikkje minkar frå dag til dag, men i staden aukar på, bør du ta direkte kontakt med avdelinga vår. Spesielt bør du vere merksam på aukande smerter, pustevanskar, feber, plagar frå urinvegar og tarm. Svie og hyppig vasslating etter operasjonen kan det vere teikn på blærekatarr, og du bør levere morgonurinprøve på reint glas hos fastlege.

Kontakt

Glasblokkene Gynekologisk avdeling
Ventetid: 28 - 58 uker

Ventetid: 28 - 58 uker

Kontakt Gynekologisk avdeling

Oppmøtestad

Det vil stå i innkallingsbrevet kor du skal møte.

Ved spørsmål før innlegging:
Innleggingskontoret på Kvinneklinikken - telefon 55 97 42 46

Ved spørsmål under eller etter innlegging:
Dagkirurgisk avdeling - telefon 55 97 42 92 før kl. 15.00
Seksjon for generell gynekologi - telefon 55 97 42 21

Flyfoto av Glasblokkene

Glasblokkene

Haukelandsbakken 1

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Det er to HC-parkeringsplassar ved Glasblokkene. ​På grunn av byggearbeid er det elles begrensa med parkeringsplassar.

Besøkande parkerer på parkeringsdekket i Sentralblokka. Her er det også fleire HC-parkeringsplassar.

Meir informasjon om parkering på Haukeland universitetssjukehus 

Ein kan gå mellom Sentralblokka og Glasblokkene innandørs via tunnelsystemet.

Ventetid

28 uker til utredning

30 uker til dagbehandling (58 totalt)

Praktisk informasjon

I Glasblokkene 5-8 er det ein hovudresepsjon i 1. etasje som betener alle pasientar, pårørande og besøkande til Glasblokkene. Hovudresepsjonen er betent alle dagar frå kl. 07.00 - 21.00. Helg og heilagdager er resepsjonen betent frå 07.30 - 21.00. Her kan du få hjelp til innsjekk, å finne fram, bestille tolk, transport og mykje meir.

I tillegg til hovudresepsjonen er det ein ekspedisjon i tilknyting til mottaket i U1. Denne har ope alle kvardagar kl. 07.00 - 22.30, og frå 08.00 til 22.30 i helg/heilagdagar

Resepsjonen i blokk 1-4 er gjort om til base for vektarar frå hospitaldrift, og er bemanna med vektar 24/7. Her er vektar tilgjengeleg for pasientar og besøkande for enklare førespurnadar og spørsmål.

I innkallingsbrevet ditt står det kor du skal møte på sjukehuset. Dei aller fleste får også ein SMS for ankomstregistrering same dag som timen er. Du kan velge å velge å sjekke inn via SMS på mobilen, eller på sjølvbetjeningsautomat i Glasblokkene.

Dei pasientene som treng eller ønsker det, får hjelp hjelp i resepsjonen.

Når pasienten har sjekka inn, enten via mobil eller på automat, får du SMS med referansekode som viser kva ven​​tesone de tilhører. Du vil alltid få ein SMS for innkalling til rom/sted.

Når timen er over og oppgjøret tatt, får pasientene mulighet til å betale egenandel mm. via Vipps, eller å få tilsendt regning i posten eller nettbanken. 

 

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Du treng ikkje å sitte utanfor behandlingsrommet å vente. Både vaksne og barn kan vente både ute og inne. I inngangsetasjen er det leikerom, lounge, kafé og fleire opphaldsareal. Det er også eit stort leikerom til venstre for den store trappa i U1.  


Ventesonene nær behandlingromma er godt merka. Du vil få SMS om å gå til ventesona når det nærmar seg timen.  

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Pasientbiblioteket på Haukeland er til for pasientar og pårørande. Her er utlån av bøker, både tekst- og lydbøker, filmar, musikk og tidsskrift. Biblioteket har også mange aviser til utlån, mellom anna alle lokalavisene i distriktet.
For dei som ikkje kan komme seg til biblioteket, har vi et tilbod med boktraller med eit utval frå biblioteket som blir trilla rundt til avdelingane.

Pasientbiblioteket finn du i foajeen i Sentralblokka på Haukeland. Kom innom for ein prat, lån ei bok eller slå deg ned i salongen med ei avis.