Ultralyd av bryst

Brystdiagnostisk senter

Ultralydundersøking av bryst er i dei fleste tilfelle eit supplement til mammografi, og er ei målretta undersøking i høve til tilvisingsårsak, som gjerne er ein kul i brystet, eller endringar som er sett ved mammografi. Unntaket er unge kvinner (<30 år) der det ofte berre blir gjort ultralyd.

Innleiing

Ultralyd er høgfrekvente lydbølgjer og fungerer i prinsippet som eit ekkolodd. Ultralydapparatet sender lydbøljer inn i kroppen. Når lyden passererer forskjellige vev i kroppen, blir noko av lyden reflektert tilbake som ekko. Denne lyden blir fanga opp av ein sensor og lydbølgjene blir omdanna til bilete.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Undersøkinga krev inga førebuing.

2. Under

Under undersøkinga er du avkledd på overkroppen og ligg på ein benk.

Det vert nytta ein gele på huda for å lage god kontakt mellom huda og lydhovudet på apparatet. Lydhovudet blir flytta over brystet medan ein tek ein serie av bilete.

Undersøkinga gjer ikkje vondt.

3. Etter

Dersom røntgenlegen finn at det ikkje er naudsynt med vidare undersøking, kan du reise heim.

Du får som regel vite resultatet av undersøkinga med røntgenlegen med ein gong undersøkinga er ferdig. Ved behov for prøvetaking vert dette som oftast utført same dag.

Dersom du er etterinnkalla etter screeningundersøking i det offentlege Mammografiprogrammet og ultralyd ikkje viser teikn til sjukdom, vil det bli sendt svar til fastlegen din med mindre det er gjort spesiell avtale om noko anna.

Dersom du er tilvist frå fastlege, vil det bli sendt svar til fastlegen i løpet av 1-2 veker.

Ver merksam

Undersøkinga  gir ikkje risiko for komplikasjonar.

Kontaktinformasjon

Brystdiagnostisk senter
Oppmøte
Dei som skal til klinisk mammografi etter tilvisning frå lege, skal til undersøking i våre lokale i det nye sjukehusbygget på Haraldsplass. 
Telefon
55 97 40 00
måndag - fredag 08.00-15.00
Screening:
Telefon 55 97 40 01
Telefontid: kl. 09.00 - 11.00 og kl. 12.00 - 14.30
Bytting av time etter tilvising frå lege: Telefon 55 97 58 67
Telefontid kl. 08.00-15.00
Brystdiagnostisk senter på Haraldsplass
Besøksadresse
Ulriksdal 8(Kart)

Buss

​Linjene 2, 3 og 80 passerer alle Haraldsplass Diakonale Sykehus. Det er haldeplassen «Statsarkivet» i Årstadveien som er nærmast sjukehuset, og det er gangbru frå busstoppen i Årstadveien bort til nybygget.

Drosje/privat transport

​Kjem du med drosje eller med følgjeperson kan du bli køyrt heilt bort til det nye sjukehusbygget. Følg skilt til Hovudinngang. Ved hovudinngangen er det av- og påstigning og snuareal. Det er ingen parkeringsmoglegheit ved hovudinngangen.

Parkering

​Haraldsplass har parkeringshus i fjellhall. Følg skilt til P-anlegg. Har du løyve for parkering på handikap-plass, er det eigne oppmerka plassar for «HC-parkering» i parkeringshuset.
Frå parkeringshuset er det gangtunnel til U2 i nybygget, der en kan ta heis til 5. etasje i nybygget.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Praktisk informasjon

Apotek

​Nærmaste apotek er i 1. etasje i Ulriksdal. Det er eit Apotek 1-utsal. Gratis parkering i 30 minutter. Begrenset antall plasser.

Finn Apotek 1 Ulriksdal på kartet (ekstern lenke).

Telefon: 55207240 
Telefaks: 55207241 
E-post: apotek1.ulriksdalen@apotek1.no

Besøk apotekets hjemmeside.​

Kiosk, kantine og mattilbud

​​​Pasienter og pårørende er hjertelig velkomne til å bruke kantinen i 7. etasje. Sykehuset har også Narvesen kiosk i plan U2 i nybygget, der du kan få kjøpt noe mat, i tillegg til vanlige kioskvarer, blomster og kort.

Les meir på Haraldsplass sine sider

Trådlaust internett

​Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

​Tilgang til gjestenettet på sjukehuset

  • Koble til nettverket "gjest.ihelse.net".

  • Opne nettlesaren din (Safari, Chrome, Firefox, Internet Explorer, Edge etc.) og du får opp ei påloggingsside.

Ny brukar

  • Du må registrere deg.
  • Skriv inn mobilnummeret du ønsker påloggingsinformasjon sendt til og aksepter vilkåra for bruk av gjestenettet.
  • Du vil motta ein SMS og blir automatisk sendt til påloggingssida. No kan du logge inn med mobilnummeret og skrive inn passordet du har mottatt på SMS.

Tilgangen du får til internett varer i 31 dagar. Etter dette må du registrere deg på ny.  

Om du forlet sjukehusområdet og kjem tilbake innan 31 dagar etter du registrerte deg, kjem du rett inn på gjestenettet utan å registrere deg på ny.

Du kan bruke same pålogginga på anna PC / nettbrett / telefon ved å trykke på lenka «logge inn her» på velkomstsida utan å måtte opprette ekstra konto.

Sikkerheit
Årsaka til at du må logge inn er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket. Sjukehuset nyttar same type løysing som finst på flyplassar og hotell. ​

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.