I all behandling er det viktig at du saman med behandlar vert einig om mål for behandlinga.
Behandlingsmetodar for OCD
Det finst to dokumenterte verksame behandlingsmetodar;
- Ulike variantar av eksponering med responsprevensjon (ERP)
- Medikamentell behandling
Skal behandlinga hjelpe, må den gjerast på riktig måte og bli gjeve i rett dosering. Det inneber at det må leggjast til rette slik at behandlinga kan vere hovudfokus i den perioden behandlinga varer. Det blir gjennomført rutinemessig evaluering av kvar behandlingsløype for å sikre at behandlinga vert tilbydd med nødvendig kvalitet. Dette gjer vi gjennom intervju og spørjeskjema.
Skal behandlinga verke må ein som pasient ha teke eit val om å bli kvitt lidinga og saman med behandlar jobbe mot dette målet. Det er også avgjerande at det ligg til rette for behandlinga i pasientens kvardag, slik at ein følger opp heimeoppgåver som ein vert einige om saman med behandlarane.
Det er vanleg å vere ambivalent og grue seg i forkant av behandlinga og dette kan du ta opp under pre-screening og utgreiinga. Behandlarar vil ofte formidle at det kan vere betre å vente til ein har bestemt seg og forholda ligg til rette, framfor å gå i gang med ei behandling som er ikkje er fullverdig. Dette for å førebygge behandlingsløyper som gjennomførast «halvhjerta», og der ein opplever begrensa betring og får mindre tru på behandling og eigne moglegheiter for betring.
Behandlinga er svært effektiv og 60–70 % som gjennomfører ERP-behandling opplever betydeleg betring. Omfattande forsking viser at behandlinga kan gjevast i ulike format, for eksempel over 10-15 behandlingssesjonar eller som intensivbehandling i firedagarsformatet. Det er avgjerande for resultatet at behandlinga blir tilbydd med høg kompetanse og skreddarsydd for den enkelte pasient.
På grunn av kort behandlingstid, høgare grad av symptombetring, mindre biverknadar og lågare risiko for tilbakefall etter avslutta behandling, anbefaler vi ERP som førsteval, sjølv om denne behandlinga er kompetanse- og ressurskrevjande (Frå Behandling av tvangslidelser: Plan for nasjonal implementering av dokumentert verksam behandling).
Store deler av behandlinga vil som regel verte gjennomført på stader der lidinga til dagleg utspelar seg. Dette inneber at det ofte vert gjennomført trening andre stader enn på behandlar sitt kontor. Det inneber også at behandling for ei tvangsliding må bli gjeve av det lokale DPS, i området der pasienten bur. Derfor har implementering av nasjonale OCD-team vore viktig for å sikre eit godt behandlingstilbod over heile landet. I Hordaland tilbyr OCD-teamet i Bergen behandling for pasientar.
Ved OCD-teamet i Bergen er firedagersformatet vårt førsteval, då denne behandlinga har vist svært gode resultat. Dei gode resultata er publisert i ei rekkje studiar og har vakt internasjonal oppsikt.
Dei gode resultata er publisert i ein rekke studier og har vakt internasjonal oppsikt.