HELSENORGE
TAVI / Hjarte Post 4

Transkateter Aorta Ventil Implantasjon

Ein trong aortaklaff (aortastenose) fører til overbelasting av hjartet. Transkateter Aorta Ventil Implantasjon (TAVI) går ut på å sette ein ny klaff inn i hjartet ved bruk av kateter via ei større arterie. Hensikta med behandlinga er å betre helsetilstanden din, slik at du kan gjenoppta eit aktivt liv med betre livskvalitet.

Innleiing

Denne behandlinga  er eit tilbod til pasientar med auka risiko ved tradisjonell open klaffekirurgi. Dette gjeld til dømes eldre pasientar, dei som tidlegare har gjennomgått hjartekirurgi, tidlegare strålebehandling, dei som har kalk i hovudpulsåra, alvorleg lungesjukdom og liknande.

Denne nettsida inneheld viktig informasjon. For å førebu deg på kva som ventar deg under opphaldet hos oss, ønskjer vi at du les dette før du blir innlagd. Informasjonen er laga for å førebu deg til inngrepet, hjelpe deg gjennom den første tida etter inngrepet, og rekonvalesensperioden. Du vil bli ringd opp av ein sjukepleiar før inngrepet. Då kan du stille spørsmål dersom det er noko du lurer på.

Vi anbefaler også pårørande å lese denne informasjonen. Det er opp til kvar enkelt om ein vil ha med pårørande når ein får informasjon. Dersom du har redusert høyrsel eller korttidshukommelse, kan pårørande bidra til auka tryggleik under samtalane.

Helsepersonell

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Helsepersonell

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Etter ei samla vurdering meiner vi at TAVI (Transkateter Aorta Ventil  Implantasjon) er beste behandlingsalternativet for deg. .   

Før

Viktige førebuingar før innlegging


Medisinar

  • Du skal vanlegvis bruke dei faste medisinane dine fram til du blir innlagd. Det gjeld også Albyl-E, Plavix (Clopidogrel), Brilique eller Efient.
  • Dei som brukar Marevan skal slutte å ta desse 3 dagar før innlegging.
  • Pradaxa, Xarelto og Eliquis skal du slutte med 2 dagar før innlegging. • Ta med deg dine faste medisinar, ei liste over dei, og eventuelle vitaminer/kosttilskot.

Ved innlegging på ein fredag

  • Du skal vanlegvis bruke dei faste medisinane dine fram til du blir innlagt. Det gjeld også Albyl-E, Plavix (Clopidogrel), Brilique eller Efient.
  • Dei som brukar Marevan skal slutte med den frå og med torsdag.
  • Pradaxa, Xarelto og Eliquis skal du slutte med frå og med fredag.

Tannhelse

Det er viktig at du har vore til tannlege/kjevekirurg for kontroll og eventuell behandling før innlegging. God tannhelse reduserer risiko for infeksjonar i hjarteklaffen. Dersom du har infeksjon i tennene eller (anna infeksjon), blir du sendt heim.

Generell helse

Det er og viktig at helsetilstanden din er så god som mogleg før inngrepet. Du skal prøve å oppretthalde god fysisk form og ete som normalt. Dersom helsetilstanden din tillet det, bør du prøve å vere i aktivitet. Kontakt fastlegen din dersom du er usikker på kor aktiv du kan vere. Er du plaga med gjentekne urinvegsinfeksjonar ber vi deg kontrollere urinen hos fastlegen ei veke i forkant av innlegginga. Ved forkjøling eller feber, ber vi deg ta kontakt med Innleggelseskontoret på telefon 55 97 67 01. Telefontid: 08.30-1100.

Helgepermisjon

Ved innlegging på fredag blir sjølve inngrepet utført på måndag. Du får permisjon frå fredag ettermiddag til søndag kveld (avtal tidspunktet med avdelinga). I nokre tilfelle må pasientar overnatte på Haukeland hotell (sjukehotellet) i helga. Då bestiller vi rom. Pårørande må ordne overnatting sjølve.

Natt til TAVI-operasjon overnatter ein heime eller på Haukeland hotell (sjukehotellet). Etter mottak på sjukehuset får ein dra heim eller til hotellet. Vi bestiller hotellrom for ein natt ved lengre reisevei.

Kva bør du ha med deg?

Opphaldet på sjukehuset varer vanlegvis 3-4 dagar. Du må ha med toalettsaker (ein liten spegel kan komme til nytte ved barbering og liknande). Ta med lette og ledige klede for heile opphaldet, som du skal bruke i avdelinga. 

Praktis informasjon til pårørande

For at reisa ikkje skal bli for anstrengande, er det ein fordel om nokon fylgjer deg til sjukehuset, og hentar deg etter opphaldet. Pårørande er velkomne på avdelinga i visitttida eller etter avtale. Planlegg reisa og opphaldet god tid i forkant. 

Parkering pårørande

Pårørande kan kjøpe parkeringskort som gir rimelegare parkering for ei veke om gangen. Ta kontakt med oss i avdelinga for å få fylt ut skjemaet du treng for å få kjøpt parkeringskort.

Overnatting for pårørande

Pårørande kan bestille overnatiing ved Haukeland hotell som ligg på sjukehusområdet. På grunn av stor pågang er det lurt å reservere rom når du er informert om dato for TAVI. Det er ikkje uvanleg med venteliste. For bestilling og informasjon om prisar, ring hotellet på telefon 55209200. Hotellet har også eigne nettsider: www.compassgroup.no/tjenester/Medirest/Haukeland-Hotell/

Treng du rehabilitering etterpå?

Dersom du trur det kan bli vanskeleg å reise rett heim frå sjukehuset, kan du ta dette opp med oss før innlegging , når du blir oppringt. Vi kan formidle kontakt og sende søknad om rehabilitering for deg.

I Hordaland er det to rehabiliteringstilbod for hjartepasientar:

  • Ravneberghaugen opptreningssenter, 5217 Hagavik, tlf: 56 57 04 00
  • Åstveit Helsesenter AS,5083 Øvre Ervik, tlf: 55 53 97 00

Du finn meir informasjon om våre rehabiliteringstilbod på Helse Vest sine nettsider.

Du kan også ringe informasjonstelefonen for Rehabilitering: 800 300 61

 
 resepsjon.foto

Dagen du blir innlagd

Stad 

  • Du skal gå til Laboratorium for klinisk biokjemi, 2. etasje i Sentralblokka for å ta blodprøve.
  • Etterpå tar du heisen til 6. etasje til Hjarteavdeling post 4 og melder deg i skranken.

Sjølve inngrepet er dagen etter innlegging, men dersom du blir lagt inn fredag er inngrepet på måndag.

Vi organiserer vidare førebuingar og undersøkingar du skal gjennom. Du kan rekne med ein del ventetid. Ta gjerne med lesestoff, handarbeid, nettbrett eller liknande. Det er gratis trådlaust internett på sjukehuset.

Førebuingar dagen du blir lagt inn

  • Nytt elektrokardiogram (EKG) av hjartet
  • Måling av blodtrykk, puls, oksygenmetning i blodet, temperatur, vekt, og urinprøve
  • Du vil få muntleg informasjon av sjukepleiar og operatør. I tillegg vil ein assistentlege ta opp innkomstjournal
  • Du vil få tilbod om avslappande medisin kvelden før inngrepet

Hygiene

Kroppshår blir rutinemessig fjerna frå halsen og ned til knea. Etterpå må du dusje. Neste morgon skal du dusje på nytt.

Faste

Du skal faste frå midnatt. Å faste vil seie at du ikkje kan ete, drikke, bruke tyggegummi eller røyke.

 

Operasjonsdagen

Dersom du er nummer ein på operasjonsprogrammet, blir du vekt klokka 06.00. Ein sjukepleiar vil legge til rette for at du får dusje og tar nokre observasjonar lik dei dagen før. Klokka 07.45 køyrer ein sjukepleiar deg i seng til operasjonsavdelinga i 2. etasje. Dersom du er nummer to på operasjonsprogrammet vil alt starte litt seinare, og du blir køyrd ned mellom klokka 10.00 og 11.00. På operasjonsstova blir du tatt imot av sjukepleiarar som gjer deg klar til inngrepet. Inngrepet varer omlag 1,5 timer inkludert førebuing.

Under

Medisinsk utstyr og overvaking ved klaffimplantasjon

Anestesilegen legg inn eit venekateter og ei leidning til ein mellombels pacemaker på halsen din. Pacemakeren blir av og til brukt under operasjonen. For sikkerheits skuld blir pacemakeren liggande nokre dagar etter inngrepet. Det er fordi den nye klaffen kan trykke på leidningssystemet i hjartet, og da vil hjartet trenge hjelp av pacemakeren.

Dette kan vere forbigåande, men hos enkelte kan det bli nødvendig med ein permanent pacemaker. Vi overvaker hjarterytmen din til den er stabil. Overvakinga skjer ved bruk av elektrodar festa til brystkassa (telemetri). Nokre kan oppleva at utstyret er forstyrrande, men det er nødvendig for ei trygg og forsvarleg overvaking. Medisinsk utstyr blir fjerna så tidleg som mogleg. Dei andre leidningane blir verande til hjarterytmen er avklart.

Bilde viser ein pasient som er oppe å går med mellombels pacemaker og telemetriovervaking.foto

Bilde viser ein pasient som er oppe å går med mellombels pacemaker og telemetriovervaking.

Sengeleie

For å unngå bløding må du ligge på rygg i om lag 2 timar etterpå. Ein sjeldan gang bruker vi Femostop over snitta i begge lyskene. Ein Femostop består av plastkoppar med trykk mot lyskene som gradvis blir trappa ned

Daglege observasjoner

Blodtrykk, blodprøveverdiar, puls, temperatur, EKG og vekt blir målt kvar dag fram til utreise. Under opphaldet blir hjartefunksjon kontrollert ved hjelp av ultralyd.

Transkateter Aorta Ventil Implantasjon (TAVI)

Operatøren brukar eit fleksibelt kateter til å sette inn ein ny aortaklaff i hjarte. Det vanlegaste er å gå inn via lyskearterien. I den andre lyskearterien blir det sett inn kontrastvæske for å rettleie operatøren ved innføring av klaffen. Difor er det eit snitt i begge lyskane. Prosedyren kan samanliknast med hjartekateterisering, men katetera som blir brukt er større i diameter. Totalt ligg du på operasjonsbordet i halvannan time. Ein god del av denne tida går med til å førebu innsettinga av klaffen.

Bedøving

Dei fleste pasientane klarar seg med litt avslappande medisin i tillegg til lokalbedøving under prosedyren. Ein anestesilege er tilstades og ser til at du har det greit så lenge inngrepet pågår.

Anatomien til blodkara avgjer kor operatøren vel å føre inn kateteret.

  • Det vanlegaste er via lysken

Alternative tilgangar som kateteret kan bli ført inn gjennom er:

  • via arteria subclavia. Det krev ein liten operasjon under venstre kragebein.
  • direkte i hovudpulsåra (aorta). Det krev ein mindre opning av brystbeinet, men går føre seg utan bruk av hjarte-lungemaskin. Alternativt lagar operatøren eit lite snitt mellom to ribbein.


innstikkssted kateter

Bildet viser tre ulike laternative inngangar for kateteret

Dersom tilgang blir lagt gjennom hovudpulsåra eller arteria subklavia, får pasienten narkose under inngrepet. Etter narkose blir pasienten overvaka nokre timar, eller til neste dag, på thoraxkirurgisk intensiv overvaking (TIO).

Smerter

Inngrepet er ikkje forbunde med mykje smerter. Du kan likevel oppleve ubehag i eller ved innstikksstaden. Under inngrepet kan du få smertestillande gjennom ei kanyle i blodåra. I dagane etterpå kan du
be om paracetamol (Paracet/Pinex) ved behov for smertestillande.

Ulike type hjarteklaffar

Du har kanskje høyrt at det fins både biologiske og mekaniske klaffar. Ved TAVI er klaffen alltid biologisk.
Sjølve klaffen er montert inne i ei metallramme. Metallramma med klaffen er komprimert inne i eit system som gjer det mogeleg å føre klaffen inn gjennom blodårene (arteriane). Den nye klaffen blir ført inn i hjartets opprinnelege klaff og utvida der til rett storleik.

Kva type klaff får du?

Det finst mange typer klaffar. Klaffane består av vev frå hjartesekken til gris eller kalv. Anatomiske forhold avgjer kva klaff som er best eigna for deg. Det er operatøren som står for denne avgjersla. 

Ved Haukeland universitetssjukehus brukar vi for tida to ulike biologiske klaffar: 1) CoreValve Evolut R og 2) Edwards SAPIEN 3.

1) CoreValve Evolut R

 1) CoreValve Evolut R



 2) Edwards SAPIEN 3.


Sjå også informasjonsvideo på youtube: http://www.corevalve.com/evolut-r/product/index.htm  https://m.youtube.com/watch?v=nU8IaqTTuTc  https://m.youtube.com/watch?v=Z0IpSlfaUM0

Kor lenge varar ein klaff? 

TAVI er ei relativ ny behandling. Per i dag har vi  ein god dokumentasjon på at klaffane varer lengre enn 5 år. Alt tyder på at dei skal vare like lenge som biologiske klaffar innsett med tradisjonell kirurgisk metode.

Forsking

I nokre tilfelle kan du bli spurd om å delta i studiar. Det er for å betre behandlingsvilkåra for framtidige pasientar i same situasjon. All deltaking er frivillig.

 
 


Etter

Bruk av mobiltelefon når du har pacemaker

Fordi du er kopla til ein førebels pacemaker kan du ikkje bruke mobiltelefon dei første dagane. Mobiltelefonen må ligge avslått i nattbordet så lenge du har pacemaker tilkobla. Dersom du har eller får permanent pacemaker, kan du bruke mobiltelefon. Spør personalet dersom du er i tvil om kva som gjelder for deg.
Det er ikkje telefon på romma, men du kan få låne ein trådlaus telefon ved behov. Av omsyn til dine medpasientar ber vi om at du ikkje prater i telefonen før klokka 08.00 og etter klokka 22.00 i avdelinga, samt at mobilen  blir sett på lydlaust.

 

I nokre dagar vil du ha leidningar til venekateter og ein mellombels pacemaker på halsen din.

 

  • Du kan gå korte turar på korridoren i byrjinga
  • Bruk romslige klede og stødige innesko
  • Førebels overvakingsutstyr ligg i to skulderveske som du ber med deg

Fysisk aktivitet

Ved ukomplisert forløp kan du mobiliserast forsiktig (til sengekanten) same dag som inngrepet blir utført. Allereie dagen etter kan du gå korte turar på rommet. Vi oppmuntrar til aktivitet. Din eigeninnsats er viktig for gjenvinning av fysisk funksjon etter inngrepet. Du kan gå turar på korridoren i byrjinga og auke aktivitetsnivået gradvis. Hensikta med tidleg mobilisering er å unngå komplikasjonar som følgje av inaktivitet, og å førebu deg til heimreise. I nokre tilfelle tilbyr vi samtale med fysioterapeut under opphaldet.

Etter opphaldet på sjukehuset

Resept

Dersom du reiser direkte heim frå Haukeland universitetssjukehus, skriv legen på Hjarteavdelinga ut reseptar til deg. Blir du utskriven til eit lokalsjukehus, vil legane der skrive ut reseptar når du reiser derifrå.

Endokarditt

Endokarditt er ein bakteriebetennelse i hinna (endokard) som kler innsida av hjartet. Ein infeksjon i endokard vil skade klaffane og hindre hjartets arbeid. Tilstanden kan vere vanskelig å skilje frå influensa og forkjøling. Dersom du får feber som ikkje går over etter tre dagar, må du kontakte legen din. Andre symptom på endokarditt kan vere nattesveitte, slappheit, dårleg matlyst, vekttap, frysningar, kvalme og oppkast. Hugs å opplyse om at du har fått ny aortaklaff. Legen din skal ikkje gi deg antibiotika på mistanke, men ta bakteriologiske prøvar av deg først.

Viktig endokarditt-kort

Ved utskriving får du med deg kortet ”Pasientinformasjon endokardittprofylakse”. Ta med deg dette kortet til alle tannlege - og legekonsultasjonar. Det viktigaste du kan gjere for å førebygge endokarditt er god tannhygiene; tannpuss, bruk av tanntråd, hyppig utskifting av tannbørste, og regelmessige tannlegebesøk.

Aktivitet

Det varierer kor raskt pasientar kjem seg etter TAVI. Det kan ta alt frå nokre få dagar til nokre veker. Dagleg aktivitet er viktig i denne rekonvalesensperioden. Du skal ikkje løfte, dytte eller dra tungt den første tida. Unngå støvsuging, handling og liknande. Dersom inngrepet blei utført via arterien i lysken gjeld desse begrensningane i ei veke. Dersom inngrepet blei utført via brystet, skal du utvise forsiktigheit i inntil 6 veker.

Bilkjøyring

Du skal ikkje køyre bil den første månaden etter inngrepet. Årsaka er at faren for uregelmessig puls og moglege konsentrasjonsproblem kan ha innverknad på køyre - og vurderingsevna di. Når du sit i bil må du bruke bilbelte uavhengig av tilgang ved TAVI.

Tankar og refleksjonar

Ein del av pasientane våre opplever å gå gjennom ei krise. Sjukdomen, ventetida, inngrepet og rekonvalesensperioden kan påverke deg både psykisk og fysisk. Kropp og sinn reagerer på det du går gjennom og treng tid for å normalisere seg. I rekonvalesensperioden er det lurt å bearbeide reaksjonar som oppstår på godt og vondt. Snakk gjerne med andre.

Kontroll

Du må avtale ein time til kontroll hos fastlegen din innan ei veke etter utskriving frå sjukehuset. Legen vil da fjerne stinga dine, kontrollere blodtrykket, ta EKG og nye blodprøvar.


Du blir kalla inn til kontroll med ultralydundersøking av hjartet etter 1 og 12 månader ved ditt lokalsjukehus

Ver merksam

Alle inngrep er forbunden med ein viss risiko. 

Generelt er det færre komplikasjonar i forbindelse med TAVI no enn tidlegare. Forbetringane skuldast ein kombinasjon av god planlegging, betre individuelt tilpassa medisinskteknisk utstyr, forenkla inngrep og erfaring. Likevel kan det skje uforutsette hendingar. Pasientar som står på blodtynnande medikament, har tilleggssjukdomar, eller høg alder, har auka risiko for komplikasjonar. Du vil få anledning til å snakke med operatøren dersom du har spørsmål om dette. Under kan du lese litt om komplikasjonar som kan oppstå i forbindelse med TAVI.

Hjerneslag

Hjerneslag er ein alvorleg men sjeldan komplikasjon. Ved hjerneslag skjer det som regel innan 30 dagar (hyppigast innan 48 timar). Førekomsten av hjerneslag er noko lågare i dag enn ved oppstarten av TAVI i 2002. Nyare forsking viser at rundt 2-3 % får hjerneslag i samanheng med inngrepet. Samanlikna med tradisjonell aortaklaffekirurgi er risiko for hjerneslag tilnærma den same ved TAVI.

Ei av årsakene til hjerneslag er at kalkavleiringar kan losna ved manipulering av den opprinnelege aortaklaffen, og innsetting av den nye. Det blir sett inn eit nett for å fange opp slike avleiringar, så sant forholda gjer det mogleg. Nytten av oppsamlingsnett er foreløpig uviss. Nye klaffeprotesar krev mindre manipulering, noko som kan føre til ein ytterlegare reduksjon av hjerneslag.

Dødsfall

Det førekjem dødsfall ein sjeldan gong både under inngrepet og i etterkant. Individuell risiko blir nøye vurdert for kvar enkelt pasient av behandlande lege. Spør legen korleis dei vurderer din risiko.

Førebygging av blodpropp

Små blodproppar (tromber) kan danne seg på metallramma som klaffen er festa til. Desse trombene kan losne og førast med blodstraumen til ei arterie og bli årsak til at den går tett. For å førebygge slike blodproppar, må du bruke ein medisin (blodplatehemmar) i tre til seks månader. Alternativt blir det brukt i kombinasjon med andre blodtynnande medikament. Det er viktig at du alltid tek med deg medisinane dersom du reiser bort, sjølv om det berre er for ei natt.

Hjarterytme

Dersom du har uregelmessig hjarterytme (atrieflimmer), er det vanleg å bruke Marevan for å førebygge hjerneslag. Du skal derfor starte opp att med Marevan under sjukehusopphaldet. Denne behandlinga krev individuell tilpassing. Før du reiser heim vil du få informasjon om dette av utskrivande lege.

Forstyrringar i hjarterytmen

Hjartet er ein muskel der elektriske impulsar syt for at hjartet slår. Overføringa av impulsar mellom forkammer og hjartekammer og vidare ned i hjartekammeret, kan lett bli forstyrra når klaffen blir satt på plass. Det kan gjere det nausynt med permanent pacemaker i etterkant av TAVI.

Pacemaker

Dersom hjartet ikkje slår raskt nok eller rytmen er skiftande, vil det vere behov for permanent pacemaker. Ein pacemaker erstattar hjartet sine eigne elektroniske impulsar slik at normal hjarterytme kan oppretthaldast. Dersom legane meiner at du treng permanent pacemaker i etterkant av TAVI, vil du få pacemaker før du reiser heim. Pacemakeren blir operert inn under huda ved kragebeinet i lokalbedøving. Inngrepet tar ca. 1,5 time og forlenger normalt opphaldet på sjukehuset med eitt døgn. Ein permanent pacemaker vil ikkje hindre deg i dagleglivets aktivitetar. Du vil få meir informasjon dersom pacemaker blir aktuelt for deg.

Bløding etter inngrepet

  • Det kan blø frå såret og ut i bandasjen. Blødinga stoppar vanlegvis av seg sjølv. I nokre tilfelle må vi legge trykk over blodåra som blør, eller gjere andre tiltak.
  • Blåmerker rundt innstikkstaden eller blodansamling under huda går normalt tilbake etter nokre dagar til veker.  Sjukepleiar og lege vil kontrollere dette dagleg.
  • Skade på arterien kan føre til utposing av karveggen (pseudoaneurisme). I nokre tilfelle må dette behandlast.
  • I sjeldne tilfelle kan blødningar krevje blodoverføring. Dette blir vurdert dagleg ved hjelp av blodprøvar og observasjonar.

Infeksjon

Det kan bli sårinfeksjonar etter alle typar inngrep. Det er viktig at du kjenner til teikna på infeksjon og kontaktar lege dersom du får mistanke om det. Dersom du har eit eller fleire av desse teikna skal du kontakte lege:

  • Aukande smerter i såret og eventuelt feber.
  • Rødme, hevelse, auka lokal varme i såret.
  • Puss frå såret.

Teikna på sårinfeksjon kan kome under opphaldet på sjukehuset, eller etter 5-10 dagar. Under opphaldet blir dette fulgt opp med daglege blodprøvar.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Taxi

​I Sentralblokka på Haukeland finn du ein taxihaldeplass der det som regel står ledige bilar. Ved behov er våre tilsette i resepsjonen tilgjengelege 24 timar i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Praktisk informasjon

Apotek

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor blant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

Besøk på sjukehuset

Når du skal på besøk eller følgje ein pasient på sjukehuset, må du gjere deg kjent med gjeldande rutinar.

Les meir om besøkstider og -reglar på sjukehuset

Frivilligteneste

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

Legevisitt

Det er legevisitt på formiddagen hver dag. Det er vakthavende lege som går rundt til alle pasientene. I tillegg er det en pasientansvarlig lege til hver enkelt pasient, som oftest den som har operert pasienten.

Måltid

På Hjerte post 4 er det egen buffet som er for pasientene, der det blir servert fire måltider;

  • Frokost kl. 08-09
  • Lunsj kl. 12-13
  • Middag kl. 16-17
  • Kvelds kl. 20-21

Pasientene oppfordres så raskt som mulig etter operasjonen å gå ut i buffeten for å spise/hente seg mat, dette er en god måte å komme seg på beina igjen. For de som ikke kan hente maten selv, vil personalet gjøre det.

Det er en egen kantine i 3.etasje som kan benyttes av pårørende, i tillegg er det en kiosk og cafe i 0.etasje.

På avdelingen er det en kaffeautomat som kan benyttes av alle (kaffe, te, varm sjokolade m.m. kr 5,-).

Resepsjon

I tillegg til resepsjonen i foajeen i Sentralblokka, har alle poliklinikkane på sjukehuset eigen resepsjon. Her kan du få hjelp med alt frå betaling til bestilling av transport.

​​​​​​​​Besøke pasientar
Skal du besøke ein pasient? Vi kan gi deg informasjon om kvar du finn dei ulike avdelingane og sengepostane på sjukehusområdet.

Betale eigendel
Du kan betale eigendel for polikliniske konsultasjonar i resepsjonen mellom klokka 07.00 og 21.00. Ver merksam på at poliklinikkane berre tar imot betaling med kort.

Bestille drosje
Om du ønskjer det, hjelper vi deg gjerne med å bestille drosje. Berre ta kontakt i resepsjonen.

Leitar du etter ei avdeling?
Sjå avdelingsoversikta


Resepsjonen i foajeen i Sentralblokka er døgnbemanna og hjelper deg i tillegg med:

Lån av rullestol
Resepsjonen låner ut rullestolar til bruk på sjukehuset. For lån av rullestol er det 200 kroner i depositum. ​

Følgeteneste
Vi tilbyr følgeteneste, der ein tilsett kan følge deg til og frå poliklinikkane, til røntgen og til Laboratorium for klinisk biokjemi. Vi har også rullestol om du treng det.

Følgeteneste har vi frå klokka 07.00 til 15.00. Direkte telefonnummer til følgetenesta er 55 97 20 06.

Oppbevaringsboksar
Vi har oppbevaringsboksar, om du treng dette. Avhengig av storleik på boksen, kostar dette 20 eller 30 kr. per døgn.

Hittegods
Vi tar imot hittegods, og leverer ut hittegods dersom dette er levert same dag eller same helg. Etter dette blir hittegodset levert til Drift/teknisk kundesenter.​​

Telefon

Pasienter som er koblet til midlertidig pacemaker (etter hjerteoperasjon og TAVI) og som er på overvåkningsrommet, kan ikke bruke egen mobiltelefon. Det er trådløse telefoner tilgjengelig på avdelingen, en kan ringe Hjerte post 4 (Tel: 55 97 36 30) og bli satt over.

Toalettsaker

Lag til toalettsaker kvelden i forvegen av operasjon. Desse vil di få tilgang til etter operasjonen. Eventuelle tannprotesar vert lagd i eit beger og kan oppbevarast saman med toalettsakene.

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Verdisaker

Sjukehuset og avdelingen er ikkje ansvarleg for penger/verdisaker som forsvinn under sjukehusopphaldet.  Derfor tilrår vi å ta minst mogeleg kontantar og verdisaker med på sjukehuset. Avdelingentilrår å legge verdisakene i ein verdisakpose som vert låst ned på avdelinga.

Fann du det du leita etter?