HELSENORGE
Seksjon for fostermedisin og ultralyd

Tidleg ultralyd med nakketranslusensmaling

Tidleg ultralyd med måling av nakkeoppklaring blir utført mellom veke 11 og 14 i svangerskapet. Alle foster har då ein liten væskebrem under huda i nakken som kallast for nakkeoppklaring eller nakketranslusen. Er oppklaringa i nakken auka, er det auka risiko for kromosomsjukdom hos fosteret, til dømes Downs syndrom (trisomi 21). Auka hevelse kan også sjåast ved andre tilstandar som til dømes hjartefeil, men fosteret kan også vere heilt friskt.



Innleiing

Tidleg ultralyd og NIPT

Tilbud om tidlig UL og NIPT til alle gravide over 35 år er på plass i Helse Vest fra 15. oktober 2021. 
Undersøkelsene vil i starten foregå ved Haukeland universitetssjukehus og Stavanger universitetssykehus.

Les meir på helsenorge.no: Informasjon om fosterdiagnostikk

Om undersøkinga

Alle gravide har tilbod om tidleg ultralyd frå den offentlege helsetenesta etter den nye bioteknologilova frå 2020. Tidleg ultralyd inneber alltid måling av fosterets størrelse for å sjå om fosteret har vakse som forventa og vi kan estimere svangerskapslengde. Vi gjør undersøkingar av kropp og organutvikling og kan bekrefte antall fostre. I tillegg gjør vi ei måling av nakkeoppklaringa. Økt nakkeoppklaring førekjem ofte hos fostre som har kromosomforandring, for eksempel Downs syndrom. Nokon gonger oppdager vi alvorlege avvik hos fosteret eller avvik som kan auke risiko for at fosteret har ein sjudom som ein kan få videre utgreiing for.





Før

Det er ingen spesielle førebuingar før sjølve undersøkinga.




Under

Du blir innkalt til ultralyd i veke 11-14 etter siste menstruasjon.

Alle som skal ha tidleg ultralyd må levere signert informert samtykke og må også bekrefte at dei har hatt rettleiing om tidleg ultralyd og fosterdiagnostikk.

Undersøkinga blir vanlegvis utført med ultralyd på magen (abdominalt), men nokon gonger er det betre oversikt med ultralyd frå skjeden (vaginalt). Undersøkinga gjer vanlegvis ikkje vondt, men iblant krevst eit visst trykk på magen som ikkje er farleg for fosteret.

Les meir om
Behandlinga eller undersøkinga gjerast fleire stader
Les meir om Vaginal ultralyd

Vaginal ultralyd

Ved vaginal ultralyd undersøker vi livmorhals, livmor, eggstokkar og eventuelle foster. Vi fører eit lydhovud med ultralydgele og kondom utanpå inn i skjeden.

  1. Før

    Du treng ikkje gjere nokon førebuingar før denne undersøkinga.

  2. Under

    Du sit i ein vanleg gynekologisk stol. Vi smører eit lydhovud med gele og trekkjer på eit kondom før vi fører det inn i skjeden. Legen undersøkjer livmor, livmorhals, livmorslimhinna, eggstokkane og eventuelle foster.

  3. Etter

    Etter undersøkinga blir du informert om resultatet, og vi diskuterer vidare utgreiing eller behandling.

Gå til Vaginal ultralyd

Etter

Svar på ultralyd får du som regel med ein gong. Dersom tildleg ultralyd er tatt saman med blodprøve kan det ta opptil to veker før du før svar.

Denne undersøkinga gir ingen diagnose, men ein risikoberekning. Kun morkake- eller fostervatnsprøve gjer sikker diagnose på kromosomavvik.

Dersom undersøkinga viser auka risiko, vil ein diskutere moglegheiter for morkake- eller fostervatnsprøve.

Ver merksam

Det er ingen biverknadar ved denne undersøkinga. Det finst ingen data som viser at ultralyd skadar fosteret. Det er heller ikkje auka abortrisiko etter undersøkinga.

Kontaktinformasjon

Buss

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Glasblokkene, KK, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

Bybane

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Flybuss

Parkering Haukeland

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.
​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.

 

Praktisk informasjon

Sjølvbetent innsjekk og betaling

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller på ein sjølvbeteningsautomat. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.


Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. Du kan òg betale med kort på ein sjølvbeteningsautomat eller i resepsjonen.

Les meir om innsjekk og betaling

Tolk

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Trådlaust internett

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.
Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.

Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. Les meir om kva du kan gjere her

Fann du det du leita etter?